Går frå finans til fisk
Christian Olav Balsnes sluttar i Converto og blir finansdirektør i sjømatbransjen.
I januar i år blei Christian Olav Balsnes ansvarleg for forvaltninga av investeringane i rådgiving og investeringselskapet Converto i Ålesund.
Balsnes tok over etter Christer Valderhaug, som slutta i Converto for å bli administrerande direktør i helsekost- og legemiddelutviklingsselskapet Arctic Bioscience.
No blir Balsnes finansdirektør hos lakseeksportøren Ocean Supreme i Ålesund.
Ni år i Converto
Balsnes har arbeidd tilsaman nesten ni år i Converto. Han byrja som analytikar i selskapet i 2014 og steig i gradene fram til finansdirektør og partnar. Etter fem månadar som finansdirektør i MMC First Process i 2021 kom han attende til Converto i august 2021.
"Min tid i Converto AS har vært veldig spennende og lærerik - ikke minst takket være hyggelige og svært kompetente kolleger. Dette er et miljø som virkelig brenner for å bistå sine kunder - og det har vært veldig kjekt å ha vært en del av dette.", skriv Balsnes på Linkedin.
Novela-investeringar
– Vinkelen for våre investeringar er hovudsakleg havromsbasert på Vestlandet – og her er det veldig mykje spennande på gong, svarte Balsnes i janauar i år på spørsmål om status for ettertrakta investeringar i regionen.
Converto forvaltar mellom anna Novela Kaptial 1 som er medeigar i Anda-Olsen og PE Bjørdal.
Publisert: 17.11.2022 08:51
Sist oppdatert: 17.11.2022 08:52