Arctic Bioscience fabrikk Christer Valderhaug Ill Arctic Bioscience Christer Valderhaug
NY SJEF: Arctic Bioscience har ny fabrikk under bygging i Ørsta. Christer Valderhaug (innfelt) tek over leiinga av selskapet i løpet av 1. kvartal. Illustrasjon/foto: Arctic Bioscience/Ogne Øyehaug
Nytt

Skal kommersialisere og bygge alliansar

Den nye Arctic Bioscience-sjefen skal både auke inntektene frå helsekostmarknaden og bygge alliansar for eit framtidig sal av legemiddel.

18.01.2022

Kommersialisering er stikkordet for leiarskiftet i Arctic Bioscience, der Christer Valderhaug blir ny toppsjef.

Selskapet er i gang med ein større, internasjonal studie av eit legemiddel basert på silderogn mot hudsjukdomen psoriasis. Studien skal vere ferdig neste år.

Deretter skal nok ein studie gjennomførast, før produktet kan få godkjenning som legemiddel. Selskapet er også i gang med bygging av ein større fabrikk i Ørsta.

For Valderhaug handlar det både om å bygge opp ein organisasjon, og finne samarbeidspartnarar, for å få seld legemiddelet, om selskapet får godkjenninga det arbeider for.

Finansiering og alliansebygging
Kapitalinnhentinga før børsnotering i februar i fjor, vart gjort mellom anna for å finansiere den store internasjonale studien som skal vere ferdig neste år.

Også neste studie kostar, og ei av oppgåvene til Valderhaug blir å arbeide med finansieringa.

Selskapet sin strategi står fast, seier styreleiar Harald Nordal: Både kapitalutviding, og samarbeid med legemiddelselskap som kan vere lisenspartnar er alternativ selskapet vil arbeide med. For å vurdere lisenspartnar-alternativet må Valderhaug kartlegge og bygge tillit mellom selskapet og eventuelle partnarar.

ARCTIC BIOSCIENCE kursutviukling
NED ETTER BØRSNOTERING: Aksjekursutviklinga i Arctic Bioscience sidan børnoteringa i februar 2021. Grafikk: Oslo Børsn¨¨

Vekst i helsekost
Lansering av Arctic Bioscience sitt legemiddel mot psoriasis ligg fleire år fram i tid. Hittil er det helsekostprodukt som gir inntektene.

Valderhaug seier til NETT NO at selskapet på kort sikt kan få opp salet av sine helsekostprodukt, og at det også blir ei prioritert oppgåve for han.

Det kan gi resultat som vil ha verknad for aksjekursen, etter Valderhaug si vurdering.

Frå 2015 til 2019 auka dei årlege driftsinntektene til selskapet frå 7,9 til 30 millionar kroner. I 2020 blei dei 20 millionar.

I 2019, før koronapandemien, meinte selskapet det skulle nå 50 millionar kroner i driftsinntekter innan to år.

Podium

E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth

Publisert: 18.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 17.01.2022 19:19

Mer om