Aina M Hauge Jill Smith norvivo foto Marius 11
GRÜNDERAR: Aina M. Hauge (t.v.) og Jill Smith Aakre er dagleg leiar og produktsjef i oppstartsselskapet Norvivo. Dei har utvikla ei hårolje som so langt har gitt alle testpersonane ny hårvekst. Journalisten (som delvis er med på bilde) er tydeleg i målgruppa. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hårvekst-gründerar fortel om humpar i vegen

Oppstartsbedrift opplevde å møte tomt næringsfond og eit lite tilgjengeleg verkemiddelapparat.

Marius Rosbach
03.02.2024

Gründerbedrifta Norvivo satsar på hårvekstindustrien og leverte nyleg patentsøknad på det dei meiner er ein revolusjonerande olje i kampen mot håravfall.

Duoen Jill Aakre Smith og Aina M. Hauge er ikkje i tvil om at potensiale ved produktet, og deltek no i Sparebanken Møre sin næringsteft-konkurranse for gründerar.

– Næringsteft har vore gull for oss og kan trygt anbefalast. Det har vore utviklande for oss sjølve, og vi har funne nye samarbeidspartnarar ved å utvide nettverket vårt, seier Hauge til NETT NO.

Saman med den tredje gründeren i selskapet, Stephen Harrison Smith, er dei i full gong med den krevjande jobben med å stable ei levedyktig bedrift på beina.

– Fekk beskjed om at kassa var tom
Gründerane fortel at dei har fått mykje god hjelp frå mellom anna Hoppid.no-ordninga – men dei har også møtt fleire hindringar.

Å flytte frå Haram til Ulstein var eitt av grepa selskapet gjorde. Motivet var både å bli del av industrimiljøet på søre Sunnmøre, samtidig som dei vurderte at her var eit større investormiljø.

Men då dei ville søke støtte frå det lokale næringsfondet i kommunen fekk dei ei overrasking.

– Vi fekk beskjed om at kassa var tom og at den ikkje ville bli fylt opp att, seier Hauge.

– Kan vere «make or break»
Hauge som også er ein engasjert Raudt-politikar er levande oppteken av næringspolitikk. Ho påpeiker at dei aller fleste nye arbeidsplassar blir skapt i nyetablerte bedrifter.

– Det same har vi lært no medan vi har delteke på Næringsteft. Og mange av desse har heilt sikkert fått avgjerande støtte frå slike næringsfond undervegs. Difor meiner vi det er så viktig, legg Hauge til.

Partnaren Jill Aakre Smith har sjølv erfaring med å få støtte frå næringsfondet i Haram. Ho fortel at ho skulle investere i ei maskin på klinikken ho starta opp – og fekk dekka halvparten av kostnadene.

– Det kan vere «make or break» med ei slik støtte for mange gründerar i den perioden dei startar opp, seier Smith.

Meldte flytting tilbake til Haram
No har Norvivo meldt flytting tilbake til Haram der dei fekk beskjed om at det var pengar tilgjengeleg i næringsfondet.

– Vi fekk vite at dei hadde midlar og at det berre var å søke. Vi blei også ønska velkomne tilbake til kommunen, seier Hauge.

Dei fortel om rask sakshandsaming og gode råd frå næringssjefen i Haram. Selskapet har allereie fått støtte til å gjere juridiske undersøkingar i samband med sikring av immaterielle rettar.

– Det løyste seg for oss, men det er synd for andre som ønsker å etablere seg i Ulstein, legg ho til.

Aina M Hauge Jill Aakre Smith Bjørn Dimmen Foto Norvivo
GOD HJELP: Aina M. H. Hauge (f.v.) og Jill Aakre Smith i Norvivo får oppfølging fra miljøet i Ålesund Kunnskapspark. Blant andre Bjørn Dimmen i Digicat skal hjelpe firmaet med et systemutviklingsprogram der de tar i bruk kunstig intelligens. Foto: Norvivo

– Skulle gjerne hatt eit næringsfond
Medan kommunar tidlegare fekk midlar til næringsfond via staten, er det fylkeskommunen som har stått for desse midlane dei siste åra.

Seksjonsleiar Eivind Vartdal Ryste for næring og nyskaping i Møre og Romsdal fortel at det ikkje kjem nye pengar i 2024.

– Årsaka er den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen, seier han til NETT NO.

Som kjent er det tronge tider og fylkespolitikarane har bestemt seg for å kutte denne budsjettposten. Ulstein har uansett ikkje fått slike midlar dei siste åra, fordi desse er prioritert til kommunar som ligg meir «grisgrendt» til.

– Vi skulle gjerne hatt eit næringsfond, men vi er glade for at vi iallfall er med i Hoppid.no-ordninga. Der var det fire som fekk støtte i fjor, seier kommunalsjef for organisasjon og utvikling, Monica Torp, til NETT NO.

Ho fortel at kommunen oppretta eit eige fond under koronapandemien med statlege midlar, men desse er no brukt opp.

– Det har vore vanskeleg å prioritere pengar frå kommunale driftsmidlar i den økonomiske situasjonen vi er i, legg Torp til.

Vi skulle gjerne hatt eit næringsfond, men vi er glade for at vi iallfall er med i Hoppid.no-ordninga
Monica Torp, kommunalsjef for organisasjon og utvikling i Ulstein

Ville ha rettleiing med søknad
Møtet med Innovasjon Norge har heller ikkje vore saumlaust for gründerane i hårvekstselskapet. «Ein dør inn» har vore mantraet til selskapet som skal vere med å hjelpe fram gründerar og oppstartsbedrifter.

Regjeringa har også gjort fleire tiltak for at det skal vere enklare å starte eige bedrift.

Då Norvivo tok kontakt for å få rettleiing til ein søknad dei skulle levere, opplevde dei at det var vanskeleg å få hjelp til å kome vidare.

– Vi lurte på nokre konkrete ting som kva vi skulle søke på. Det var avgjerande for å vite korleis vi skulle disponere midlane vi hadde, og ein del av desse tinga hasta, fortel Hauge.

Kritiske til sakshandteringa
Gründerane registrerte på heimesida til Innovasjon Norge at dei ønska å bli kontakta. Etterpå fekk dei melding frå ein rådgjevar om at han hadde forsøkt å ringe, men ikke fått svar.

– Ingen av oss hadde motteke noko samtale. Då hadde vi fylt ut kring 90 prosent av søknaden og hadde spørsmål om nokre små justeringar, fortel Hauge.

Difor tok dei kontakt med rådgivaren per telefon, men fortel at dei fekk opplyst at han ikkje kunne hjelpe dei før søknaden var ferdig utfylt.

Kva sjanse ein ny bedrift har for å nå fram med ein søknad, kan ofte ha å gjere med kor godt ein «treff» på dei ulike ordningane. Gründerduoen påpeikar at det å møte ei slik sakshandtering kan stenge fleire ute.

– Mange av dei som har gode idear og ønsker å starte eigne bedrifter er praktikarar. Om dei møter byråkratiske søknadsskjema med vanskeleg språk, kan det bli ei barriere, meiner Smith.

Avviser krav om ferdig søknad
NETT NO har presentert kritikken frå gründerane for Innovasjon Norge.

Avdelingsleiar Hjørdis Vik ved vekst- og gründersenteret avviser at dei har eit krav om at søknaden skal vere ferdig utfylt før ein rådgivar kan snakke med selskapet – og oppmodar Norvivo om å ta kontakt med hennar.

– Kunderådgivarane i Innovasjon Norge tar ofte kontakt med ein gründer per telefon - eller deltar i eit møte med gründeren - sjølv om søknaden ikkje er ferdig utfylt, skriv ho til NETT NO i ein e-post.

Les resten av tilsvaret frå Innovasjon Norge

Avdelingsleiar Hjørdis Vik ved vekst- og gründersenteret til Innovasjon Norge skriv også følgjande:

På generell basis vil vi når vi ikkje får tak i kunde på telefon svare i meldingsflata i søknadsløysinga for å prøve å hjelpe kunden vidare. I desse meldingane vil vi oftast henvise til Innovasjon Norge sine kriterier, vise til kva prosjekt vi kan finansiere og kva som typisk fell utanfor formålet med ordninga. Og vi vil oppmode kunde om å delta på webinaret Fra idé til marked, som vi arrangerer annankvar veke, og som vi oppmodar alle tidlegfase gründerar å delta på.

Åtte av ti selskap som mottek støtte frå Innovasjon Norge, får råd og rettleiing frå ein kunderådgjevar i samband med søknaden. Dei aller fleste av kundane våre gir tilbakemelding om at sparring med kunderådgjevar om utforming av søknaden er nyttig. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar både fra nøgde og misnøgde kundar.

– Kvar ei krone tel
No har oppstartsselskapet kome viktige steg vidare. Men søknaden til Innovasjon Norge har dei latt vere å sende inn.

– Kvar ei krone tel i den fasa vi er i no. Vi har ikkje ubegrensa eigne midlar, og fleire støtteordningane til Innovasjon Norge må vi møte nesten krone for krone. Difor må vi sikre oss at vi treff rett, både for oss sjølve, men også for å kunne gi mest mogleg tilbake til samfunnet, legg Hauge til.

Vil starte salet til hausten
På kort sikt er målet å starte salet av det dei meiner er ei revolusjonerande hårolje via nett til hausten.

– Vi er i dialog med fleire som kan produsere dette, og jobbar med kva type emballasje vi skal ha også vidare, seier Hauge.

I første omgang vil dei satse på den norske marknaden. Men vil så raskt som råd utvide salet til både Skandinavia, resten av Europa og USA. Gründerane trur potensialet er stort.

– Draumen på lengre sikt er å etablere eigen produksjon her på Sunnmøre. I første omgang vil vi mikse oljen her sjølve, legg ho til.

Draumen på lengre sikt er å etablere eigen produksjon her på Sunnmøre. I første omgang vil vi mikse oljen her sjølve
Aina M. Hauge

Ein miks av naturlege oljer
Jill Aakre Smith er produktsjef og det er hennar mangeårige arbeid med eige kosmetisk klinikk som ligg bak produktet. Opp gjennom åra har ho reist mykje, og mellom anna budd fleire år på det afrikanske kontinentet.

– Oljer til bruk både i hår og på hud er mykje meir utbreitt i andre delar av verda, fortel ho.

Etter å ha opplevd menn som har snakka om å få hjelp mot håravfall, begynte å ho å studere effekten av ulike oljer nærare. Resultatet vart ein miks av naturlege oljer som selskapet nyleg sende inn patentsøknad på.

Vil gjennomføre klinisk studie
Etter å ha testa hårolja på 50 personar i løpet av dei siste par åra, har dei fått oppsiktsvekkande tilbakemeldingar.

So langt har alle testpersonane fått ny hårvekst – til og med på blank isse. Etter kva dei kjenner til, er det ingen andre produkt som kan vise tilsvarande resultat.

– Det har ikkje vore kliniske testar. Men om vi vinn Næringsteft, er planen å nytte premiepengane til å gjere ein slik studie, seier Smith.

Også mange kvinner har problem med håravfall, medan nokre er råka av sjukdomar som kan gjere at folk mistar håret. Ei kvinne som lir av flekkvise hårtap er også mellom dei som har opplevd å få ny hårvekst.

– Då vi fekk sjå bilda av behandlinga etter dei første fire vekene, trudde vi nesten ikkje det vi såg. Ho hadde hår igjen, seier Smith.

0109 sbm næringsteft 2024 12 finalister tonemolnes 2024 4 O4 A7026 1
SEMIFINALISTAR: Norvivo er ein av semifinalistane i årets Næringsteft. Om dei vinn, vil dei nytte premiepengane til ei klinisk studie. Foto: Tone Molnes

Møter mykje skepsis
Ho har møtt mykje skepsis frå folk som meiner resultata er gode til å vere sanne. Sjølv hennar eigen medgründer tenkte slik.

– Det er jo slik folk tenker, og det gjorde også eg i starten, fortel Hauge.

Då ho fekk tilsendt bilde frå Smith som viste resultata, leita ho etter om det kunne vere lyset, eller andre ting som førte til skilnaden ho såg.

– Eg prøvde å bortforklare det, men etter at eg sjølv såg bilda av ein av testpersonane der heile «månen» var dekt av nytt hår vart eg overtydd. Eg kjente han frå før, og visst kor lenge han hadde vore skalla – men no hadde han hår igjen, fortel Hauge.

Dei understrekar at olja er ein behandling mot hårtap – og ingen kur. Om ein sluttar å nytte middelet går med andre ord effekten over.

Publisert: 03.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 03.02.2024 09:28

Mer om