Rundt 60 bedrifter med hovudkontor på Sunnmøre og i Nordfjord er utstillarar på den andre Blue Fish-messa, som opna i dag klokka 10.00.
Det er omlag 20 fleire enn talet på bedrifter frå Nordvestlandet som stilte ut på den internasjonale oppdrettsmessa Aqua Nor i august i år. Mange av utstillarane på Blue Fish var også i Trondheim, men fleire er i Ålesund.
Fem milliardar kroner i driftsinntekter til dei nordvestlandske utstillarane på Blue Fish er drivstoffleverandøren Bunker Oil, fire frå tidlegare Rolls-Royce Marine, som som er ein del av Kongsberg-konsernet. Men sjølv korrigert for desse to store bedriftene er den samla storleiken på dei nordvestlandske utstillarane minst på line med dei som stilte ut i Trondheim.
Neste messe, om to år, kan bli større.
- Vi har ein plan om at vil skal vekse både i omfang og innhald, seier Østensen..
Messa leiger Sparebanken Møre Arena. I år er alt samla inne i hallen, også ei eiga konferanseavdeling.
Dersom heile hallen blir brukt til utstillarar kan det eventuelt leigast konferanse- og kafélokale hos naboen Color Line Stadium, eller reisast opp hallar på utsida, i følgje Østensen.
Det er omlag 20 fleire enn talet på bedrifter frå Nordvestlandet som stilte ut på den internasjonale oppdrettsmessa Aqua Nor i august i år. Mange av utstillarane på Blue Fish var også i Trondheim, men fleire er i Ålesund.
15 milliardar kroner
Til saman har dei rundt 60 Nordvestlandsbedriftene omlag 23 milliiardar kroner i driftsinntekter. Det er samla sett større driftsinntekter enn summen av driftsinntektene til utstillarane frå Nordvestlandet i Trondheim.Fem milliardar kroner i driftsinntekter til dei nordvestlandske utstillarane på Blue Fish er drivstoffleverandøren Bunker Oil, fire frå tidlegare Rolls-Royce Marine, som som er ein del av Kongsberg-konsernet. Men sjølv korrigert for desse to store bedriftene er den samla storleiken på dei nordvestlandske utstillarane minst på line med dei som stilte ut i Trondheim.
Sa nei til 20-30
Dagleg leiar Geir Østensen i arrangørselskapet Arena Norway seier dei måtte seie nei til 20-30 bedrifter. Påmeldingane held på å kome inn heilt til fram heilt til fristen gjekk ut.Neste messe, om to år, kan bli større.
- Vi har ein plan om at vil skal vekse både i omfang og innhald, seier Østensen..
Messa leiger Sparebanken Møre Arena. I år er alt samla inne i hallen, også ei eiga konferanseavdeling.
Dersom heile hallen blir brukt til utstillarar kan det eventuelt leigast konferanse- og kafélokale hos naboen Color Line Stadium, eller reisast opp hallar på utsida, i følgje Østensen.
Publisert: 03.09.2019 10:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39