Halverte resultatet med overlegg
ARBEIDSBÅTAR: Ekteparet Signhild og Hallgeir Skorpen har bygt opp ei lukrativ verksemd rundt produksjon av arbeidsbåtar til seismikk i Leinevika i Herøy. Dei lever godt med at driftsmarginen vart halvert i 2013 i høve til 2012.
Nytt

Halverte resultatet – med overlegg

I staden for å auke prisane, meinte leiinga i Westplast på Leinøya at det var like greitt å kutte litt på botnlina i 2013 samanlikna med åra før.

30.07.2014
- Vi har fått nokre nye konkurrentar, mellom anna ein leverandør på Island. For å halde på marknaden, bestemte vi oss for å ikkje auke båtprisane i fjor, seier gründer Hallgeir Skorpen.
Kona og styreleiar Signhild Skorpen er samd i strategien.
- Nedgangen i driftsmargin er ein kalkulert nedgang for å behalde marknaden, seier ho.

Seismikk

Herøy-bedrifta har spesialisert seg på leveransar av arbeidsbåtar til seismikkfartøya. Alle dei store seismikkselskapa er kundar hos Westplast, slike som Western Geco, Polarcus og CCG. I tillegg har ein PGS som kunde i ettermarknaden.
Etter å ha hatt driftsmarginar på rundt 25 prosent i 2011 og 2012, er ein nede på titalet i 2013. Resultatet før skatt enda då på 5,5 millionar kroner av ei omsetning på 54 millionar.

Stor utbygging

Dette er begge godt nøgde med.
- Ja, 2013 vart eit mellomår. 2014 vert det nok ein god del betre.
Selskapet er i ferd med å sluttføre ei storstilt utbygging av lokala i Leinevika. Her er det mellom anna bygt ny båthall, nytt administrasjonsbygg og lager.
- Vi har bokstaveleg bygt stein på stein sidan vi etablerte oss her i 1990. Prislappen på den siste utbygginga har no passert 15 millionar kroner, seier Hallgeir Skorpen.

Større båt

I tillegg til utbygginga, har selskapet utvikla ein ny båtmodell av typen WP 960. Båten er 9,6 meter lang, veg 7,3 tonn og gjer 25 knops fart.
- Båten er ikkje meir enn ti centimeter lenger enn den førre modellen, men den er samstundes 20 centimeter breiare og med meir fribod. Dermed kan ein løfte dobbelt så tunge løft som med den andre modellen.
Westplast har totalt levert over 70 arbeidsbåtar. I 2013 stoppa det på seks, medan ein på det meste var oppe i over 20.
Etter ein kraftig vekst har ein siste åra satsa på å få betre system rundt drifta. Mellom anna er Øyvind Sætre tilsett som dagleg leiar.

Forventar vekst

Westplast har i dag åtte fast tilsette, men ligg på rundt 14-15 med innleige. Ekteparet Skorpen forventar vidare vekst.
- Det ser bra ut framover. Vi har ni nybygg så langt i år, og har alt fått bestillingar for 2015.
- I tillegg vert det stadig meir å gjere med service og oppgradering av båtar vi allereie har levert.
Innimellom hjelper ein også til med reparasjonar av båtar.
- Sjølv herøyværingar kan av og til ta ned i botnen. Då prøvar vi å hjelpe.
Vi har bokstaveleg bygt stein på stein sidan vi etablerte oss her i 1990

Publisert: 30.07.2014 10:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35