Har arbeid til langt faerre i aar
ARBEID TIL ÅTTE: Når Geiranger Fjordservice startar med passasjerturar til helga, vil dei vere åtte tilsette på arbeid. Til vanleg har dei opp til 70 tilsette i sving i høgsesongen. 
Nytt

Har arbeid til langt færre i år

Geiranger Fjordservice opnar sesongen forsiktig og håpar styresmaktene legg inn lønnstilskott i krisehjelpa.

Marius Rosbach
25.05.2020
Komande helg er det pinse og då startar Geiranger Fjordservice opp fjordcruise for passasjerar mellom Hellesylt og Geiranger. MS Geirangerfjord har to avgangar dagleg dei neste helgene med moglegheit for stopp på Skagehola.
Frå pinsehelga opnar dei også andre aktivitetar, som turar med kajakk, rib-safari og utleige av elsyklar og elbilar. Men dagleg leiar Helle Firhøj Jensen legg ikkje skjul på at det blir ein heilt spesiell sesong.

Les også:


Åtte personar i arbeid

Til vanleg har dei opptil 70 personar i arbeid i høgsesongen, men førebels er dei berre to på jobb. Når fjordcruisa startar til helga, har dei arbeid til seks personar til.
– Vi forsøker ta vare på dei lokale arbeidsplassane og det er mange utanlandske arbeidarar som ikkje kjem i år. Vi forsøker halde hjula i gong, men det er heilt tydeleg at vi kjem til å tape masse pengar denne sesongen, fortel Jensen til NETT NO.
Frå 12. juni startar dei også opp fjordsightseeing og frå 20. juni er det cruise kvar laurdag mellom Ålesund og Geiranger. Det er eit kraftig redusert tilbod samanlikna med ein vanleg sesong, og Jensen fortel at dei vil følgje med etterspurnaden i marknaden – og vurdere fleire avgangar ved behov.

Les også:


Fekk kontantstøtte – vil heller ha lønnstilskott

I ein vanleg sesong har dei omsett for kring 30 millionar kroner dei siste åra – med solid overskot. Slik blir det ikkje i år. Bedrifta har fått litt over 200.000 kroner i krisestøtte frå styresmaktene for å dekke faste utgifter.
Det er på «på ingen måte» nok til å dekke tapet dei har hatt. Jensen meiner eit lønnstilskott – – vil vere ei betre krisehjelp.
– Ein form for kompensasjon av løn, saman med ei utviding av permitteringsperioda, vil vere betre for å sikre arbeidsplassane, seier ho.
I dag kan bedrifter halde folk permitterte i 26 veker, men fleire har teke til orde for at det blir utvida til om lag eitt år.
Sju av ti bedrifter som svarte på ei undersøking Det norske handelskammerforbundet har gjennomført – er også samd med Jensen om at eit tilskotsordning for lønnsutgifter kan redusere behovet for å halde tilsette permitterte, ifølge NRK. Det kan gi eit ekstra motiv til bedrifter om å starta oppe drifta att - sjølv om det kan vere redusert.
– For veldig mange vil det vere dyrare å ta folk tilbake frå permisjon og i arbeid enn å halde bedrifta stengt, seier styreleiar i DNH og administrerande direktør i Bergen Næringsråd Mari Warncke til kanalen.

Les også:



Trur ikkje norske reisande vil veie opp


Fleire hotell og overnattingsstader i Geiranger vil også opne førstkomande helg. Mange er spent på korleis sesongen blir – og i kva grad norske reisande kan veie opp for tapet av utanlandske gjestar.
Jensen i Geiranger Fjordservice trur ikkje at nordmenn sine feriereiser vil gi like store inntekter i turistbygda, som den utanlandske marknaden. Det kan til dømes gå utover bilutleiga deira.
– Vi vil sjå ei endring i reisemønsteret i år, og truleg vil det vere fleire med eigne bilar og bubilar. Samtidig har mange mindre pengar å rutte med og mange vil nok tenke nøye gjennom kva dei brukar pengane sine på, seier Jensen.

Ber om meir langsiktig støtte

Då NHO-sjef Ole Erik Almlid og Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv møtte representantar for reiselivet i førre veke, fekk dei mellom anna beskjed om at fleire bedrifter ville få problem når utsett moms, skatt og feriepengar skal betalast.
Begge meiner at ein form for lønnstilskott er ei god løysing, og næringsminister Iselin Nybø (V) stadfestar at ordninga kan vere ei moglegheit. Ei utviding av permitteringsperioda, skal også vere svært aktuelt.
Almlid og Devold i NHO meiner det er viktig at støtta til reiselivsnæringa blir meir langvarig. Dei etterlyste også klarare og meir langsiktige retningslinjer for kva reiser som er greitt å gjere framover. I dag er det mange utanlandske bookingar som «sperrer» for nye bestillingar frå norske gjestar.

Les også:




Ein form for kompensasjon av løn, saman med ei utviding av permitteringsperioda, vil vere betre for å sikre arbeidsplassane

Publisert: 25.05.2020 17:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57