Catrine Myklebust Finnoy Bryggehotell Foto Marius Rosbach
NY HOTELLDIREKTØR: Catrine Myklebust tok over som hotelldirektør på Finnøy Bryggehotell i fjor haust. Bookingtala for årets sesong er dobbelt så høge som fjoråret. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har dobla bestillingane frå i fjor

Catrine Myklebust flytta heim for å leie reiselivsbedrifta faren var med å starte opp.

Marius Rosbach
22.03.2024

Om du køyrer omtrent så langt du kjem nordvest her til lands, så kjem du til Finnøy Bryggehotell. Hotell- og restaurantbedrifta ligg i «enden» av Nordøyvegen, og den landfaste vegen har skapt ei ny tidsrekning for plassen.

– Det er stor skilnad frå å vere isolert på ei øy, då vi visste kva ferjeavgang gjestane kom med. No opplever vi at folk som har teke seg ein biltur, kjem kva tid som helst, fortel Catrine Myklebust.

Bestillingane dobla frå i fjor
46-åringen tok over som hotelldirektør i fjor haust, ved det som mange berre kallar for «Havstuene». No ser ho fram til det som teiknar til å bli ein svært god sesong.

– Per i dag har vi 100 prosent meir inne i bookingsystemet, samanlikna med i fjor. Vi har stor tru på at dette kjem til å bli eit svært godt år for oss, legg ho til.

2023-rekneskapen er ikkje offentleg enno, men etter eit minusresultat i 2022, vart det ei «markant betring av resultatet» i fjor, kan hotelldirektøren fortelje.

Finnøy Bryggehotell foto Finnøy Bryggehotell
I HAVGAPET: Reiselivsbedrifta ligg lengst nord på Nordøyane og var tidlegare handelsstad og fiskever. Etter dei fekk landfast veg får dei for første gong drop in-gjestar. Foto: Finnøy Bryggehotell

Verksemda blei starta av faren og onkelen
At det er Catrine Myklebust som leiar hotellet, er på fleire vis heilt naturleg. Det var faren og onkelen hennar som starta opp verksemda tidleg på 1990-talet.

Sjølv starta ho i arbeidslivet ved hotellet som 15-åring. I vaksen alder har ho mellom anna vore kjøkkensjef då verksemda blei kalla «Havstuene», og hadde overnatting- og serveringstilbod både på Finnøy, på Ona og i Molde.

I dag er det Classic Norway som eig Finnøy Bryggehotell, og Myklebust har jobba for hotellkjeda både i Lofoten og på Austlandet. Då ho såg stillinga som hotelldirektør på Finnøy utlyst i fjor, freista det å flytte heim.

Finnøy Bryggehotell Håp i havet foto Finnøy Bryggehotell
INNANDØRS BADING: Hotellet har eige innandørs badeanlegg Håp i havet. Foto: Finnøy Bryggehotell

Satsar meir på kurs- og konferansebesøk
Verksemda har om lag 15 årsverk, og drifta er sesongprega. Sommaren er høgsesong for turisttrafikken med dagleg ope restaurant og overnattingstilbod. Då får dei besøk både via landevegen og frå sjøen.

– Finnøy har ei veldig fin gjestehamn, og mange båtfolk kjem for å bruke badeanlegget vårt Håp i havet, fortel Myklebust.

Resten av året er det kurs- og konferanse som er hovudaktiviteten. Med landfast veg er plassen lettare tilgjengeleg for alle, og dei satsar på å ta endå større del av denne marknaden.

– Det er lettare å selje oss inn i den marknaden når kundane ikkje må tenke på ferje eller båttransport. Det gir oss eit heilt anna spelerom, legg ho til.

Catrine Myklebust Finnøy Bryggehotell Foto Marius Rosbach 22
SESONGDRIFT: Om sommaren har restauranten ope dagleg. Resten av året tilpassar dei drifta til overnattingsbesøket. Foto: Marius Rosbach

Hotellet er registrert som fiskemottak
At reiselivsbedrifta tidlegare har vore handelsstad og fiskemottak, gir plassen eit heilt spesielt preg. I bygningane der det i dag er moderne hotelldrift, var det tidlegare fiskemottak og butikk.

Hotellet leiger også ut Flatflesa fyr. Der kan ein ha ein heil holme for seg sjølve med tilhøyrande fyrmeisterbustad, vedfyrt badstove og badestamp - og eit naust med langbord og dører rett ut mot sjøen.

– Det er superspesielt og eksklusivt, og kjekt å kunne halde på med. Hotellet er også blitt registrert som fiskemottak, slik at vi kan få levert fersk fisk rett på kaia, fortel hotelldirektøren.

Publisert: 22.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 22.03.2024 07:42

Mer om