Hildegunn Leif Per Foto John Andresen
LENGE SIDAN SIST: Det er 15 år sidan Hildegunn, alias Fredrik Steen og Leif-Per, alias Ørjan Liavåg, stod på scena med eitt nytt show. Foto: John Andresen
Nytt

Har selt 3000 billettar til comebackshow

Løvenvold-sjef strålende nøgd med starten. Comeback med gamle kjenningar ligg an til å bli ein ny suksess.

Marius Rosbach
22.02.2024

Løvenvold Theater i Ålesund har lagt bak seg nokre hektiske månader etter opninga i oktober. Dagleg leiar Kathrine Synnes Finnskog fortel at dei allereie har selt 15.000 billettar til ulike førestillingar og show ved den nye kulturinstitusjonen i byen.

Også etter at billettane til Fredrik Steen og Ørjan Liavåg sitt comebackshow med Hildegunn og Leif-Per blei annonsert, har dei opplevd stor pågang. Etter kort tid er det selt kring 3000 billettar.

– Vi har berre kring 1000 billettar igjen til showet som har premiere i slutten av september, fortel ho til NETT NO.

Fjoråret blei avslutta med utselde juleshow med Terje Sporsem, Hilde-Marie Kjersem og Are Kalvø.

Kathrine Synnes Finnskog Foto Næringsforeningen Ålesundregionen 33
NØGD MED STARTEN: Dagleg leiar Katrine Synnes Finnskog er storfornøgd med engasjementet rundt Ålesunds nye storstue. Her fotografert under renoveringsarbeidet i fjor. Foto: Næringsforeningen Ålesundregionen

– Dei treffer tydeleg
Hildegunn, alias Fredrik Steen og Leif-Per, alias Ørjan Liavåg, skal turnere store delar av Sør-Noreg i år og neste år. Oppstarten skjer altså i Ålesund og førebels er det sett opp 15 førestillingar på Løvenvold.

– Dei treffer tydeleg både forventingane og etterspurnaden frå publikum. Når vi samlar så mange folk rundt dette showet, så gir det heile byen noko å snakke om, seier Finnskog.

Showet har fått tittelen «Hildegunn og Leif-Per – utan Kringkastingsorkesteret». Etter Ålesund står store delar av Vestlandet for tur. Seinare blir det show på sjølvaste Chat Noir i hovudstaden i januar 2025.

Det er kjekt å få lov til å vere med å skape det livet i byen, samtidig som det genererer butikk for andre
Kathrine Synnes Finnskog

– Opplever at folk er glade og stolte
Løvenvold-sjefen fortel at dei har opplevd eit stort engasjement hos alt frå publikum, til handverkarane som har jobba med å renovere det ærverdige bygget.

– Vi har tilpassa bygget slik at det kan romme mange ulike kulturuttrykk med heilårsdrift sju dagar i veka, seier Finnskog.

– Vi opplever at folk er glade og stolte over at Løvenvold er ope igjen. Det er veldig kjekt. Vi visste at det ville skape engasjement, men det har likevel vore overveldande respons. No håpar vi berre folk held fram å vise det, ved at dei kjøper billettar framover også, legg ho til.

vi visste det skulle skape eit slikt engasjement, men det likevel overveldende respons.

I helga kom også kinodrifta i gong med førpremiere på filmen Ibelin, som gjekk for fulle hus.

– Det er spesielt hyggeleg å sjå at det er kø utanfor iskremutsalet og fullt på restaurantane i byen på slike dagar. Det er kjekt å få lov til å vere med å skape det livet i byen, samtidig som det genererer butikk for andre, seier ho.

Underskot i oppstartsåret
Oppstartsåret endar med underskot i rekneskapen, men det ser «ikkje så gale» ut, ifølgje Finnskog.

– Vi går inn i 2024 med stor optimisme for prosjektet, seier ho.

Kulturinstitusjonen har tre faste tilsette – dagleg leiar, kinosjef og driftsleiar. I tillegg har dei nokre som jobbar deltid under dei ulike arrangementa.

Løvenvold inngår gjerne samarbeid med produksjonsselskapa som setter opp førestillingar. Det krev litt investeringar frå deira side, men gjer det samtidig enklare å sette opp show som kan gå over lengre periodar.

– Då bidreg vi med salsstrategi og kommunikasjon. Eg trur det har vore ein god veg for oss, avsluttar Finnskog.

Publisert: 22.02.2024 10:50

Sist oppdatert: 22.02.2024 17:52

Mer om