Sanco Shipping Rudy amundsen foto sanco shipping
SLANKARE FLÅTE: Sanco-sjef Rudy Amundsen vil ha færre skip i flåten neste år, enn ved inngangen til 2025. Likevel reknar han med at omsetninga vil auke. Foto: Sanco
Nytt

Har selt to skip og får snart levert eit nytt

Sanco-reiarlaget reknar med å bikke milliarden med nyare og slankare flåte.

Marius Rosbach
19.12.2025

Sanco Group i Gjerdsvika har gjort ein rekke grep i løpet av 2025, som skal gjere seismikkreiarlaget godt rusta for dei komande åra. 

Dagleg leiar Rudy Amundsen fortel at dei nyleg har selt det 91 meter lange skipet Sanco Atlantic, til ein aktør som tenker nytte fartøyet i eit anna segment. 

Tidlegare i haust blei også støttefartøyet Sanco Sky selt til eit reiarlag på Sotra utanfor Bergen. 

 – Vi følgjer strategien om å selje ut det vi har kalla ikkje-strategiske fartøy. For nokre år sidan var vi oppe i ni fartøy, og snart vil vi ha fem skip i flåten, seier han til Nett No. 

– Sanco Atlantic er eit seismikkskip som har gjort ein fantastisk innsats for oss, men den høge alderen gjer at båten ikkje får jobb i enkelte land og oljeselskap. Det er difor naturleg å erstatte henne, legg han til. 

Sanco Shipping and VARD Sanco
UNDER OMBYGGING: Styreleiar og eigar Ivar Slettevoll (midten) i Sanco Group kjøpte tidlegare i år ut ein gruppe aksjonærar og fekk tilbake kontrollen over reiarlaget. Her er han saman med Odd Henrik Iversen og Wilhelm Eggesbø i Vard, som for tida bygger om skipet Sanco Sailor. Foto: Vard

Tek i mot ombygd skip på nyåret
Reiarlaget har per i dag fire skip, men reknestykket går opp ved at dei på nyåret tek i mot ombygde PGS Apollo – som har fått namnet Sanco Sailor. 

– Fartøyet vil være verdas mest moderne «source»-skip eller kjeldebåt når den er ferdig på verftet i månadsskiftet januar-februar. Alt seismikkutstyret om bord er nytt og vi har gjort endringar på design for å kunne gjere krevjande oppdrag som er venta framover. Vi har også oppgradert innreiinga for at mannskapet skal ha det best mogleg, seier Amundsen.

Vard fekk oppdraget i sommar og arbeidet er utført ved Langsten-verftet i Tomrefjord. 

– Då vil vi få eit fartøy som er fullt på høgde med ein ny båt – til ein brøkdel av prisen, og som kan gjere ein jobb i 15-20 år framover, legg han til. 

Då vil vi få eit fartøy som er fullt på høgde med ein ny båt – til ein brøkdel av prisen
Rudy Amundsen

Ventar å bikke milliard i omsetning
Sjølv med færre skip i flåten, reknar Sanco-sjefen med at omsetninga til reiarlaget vil auke det komande året. 

– Med Sanco Sailor på plass, ventar vi å passere ein milliard i omsetning i 2026, seier han. 

Sande-reiarlaget har snart lagt bak seg det Amundsen meiner er eit «godt år», sjølv om inntektene blir lågare enn i «knallåret» 2024. Det har naturleg nok også samanheng med skipssala som er gjort i løpet av 2025.

Utnyttingsgraden er framleis godt over 90 prosent, påpeiker han.

– Marknaden akkurat no er litt «soft»
Amundsen fortel at det for augneblinken ikkje er naturleg å bygge flåten større.

– Vi er nøgd der vi er no, men er opne for gode moglegheiter om dei dukkar opp. Marknaden akkurat no er litt «soft» og med en oljepris kring 60 dollar, trur vi 2026 kan bli meir krevjande for fleire aktørar, seier han.

 To av skipa til Sanco er store delar av året på jobb i Brasil, og to har oppdrag i Mexicogolfen.

Reiarlaget jobbar med å sikre oppdrag til ombygde Sanco Sailor, men har ikkje hastverk med å «hoppe på» første og beste moglegheit. 

– Vi veit at det er ein attraktiv båt, seier Amundsen. 

Sanco hovedkontor gjerdsvika foto Sanco
HOVUDKONTORET: På hovudkontoret i Gjerdsvika er Sanco Group i dag 15 tilsette. Samtidig har dei drygt 300 sjøfolk på skipa. Foto: Sanco

Jobbar med å kartlegge havbotnen
Fartøya til Sanco-reiarlaget er spesialiserte til å «skyte» med ein form for luftkanonar for å gi eit betre bilde av kva som skjuler seg under havbotnen. Trykkbølgjer frå kanonane på båten går ned i havbotnen, for å bli reflektert og registrert av avanserte nodar som er lagt ut på havbotnen. 

– VI jobbar hovudsakleg i modne oljefelt og vår primære oppgåve er å auke utnyttingsgraden og få opp mest mogleg frå dei brønnane som allereie er laga, fortel Amundsen.

Med ein nyutrusta Sanco Sailor på plass i flåten kan reiarlaget til eksempel undersøke eit større område om gongen.

– Vi må taue utstyret breiare, fortare og djupare. I tillegg skal det helst vere billigare. Det er krava vi møter i bransjen, seier Amundsen.

Publisert: 19.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2025 15:38

Mer om