Har tilsett dei foerste paa brufabrikk
Nytt

Har tilsett dei første på «brufabrikk»

– Det er klart det gøy, seier Tore Roppen til NETT NO. No blir det rigga for robotproduksjon og lasersveising ved industrihallen på Fiskåholmen.

Marius Rosbach
04.02.2020
Tysdag s om ei FOU-kontrakt med Statens vegvesen som blei signert same dag.
Prodtex har utvikla ei løysing for automatisert stålproduksjon som dei vil realisere på Fiskåholmen i Vanylven.

Skal bygge produksjonslinje

NETT NO har tidlegare intervjua Tore Roppen som no er dagleg leiar i Prodtex Produksjon og dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand i Prodtex då dei i fjor hadde .

– No må vi i gong med å bygge opp ei produksjonslinje på Fiskåholmen og få på plass konstruksjonane vi treng, fortel Roppen.
Dei skal produsere sokalla stålsandwich til ei bru som skal byggast i Åfjord i Trøndelag. Planen er å transportere seksjonane sjøvegen frå Vanylven og nordover kysten.
– Det er ei hengebru som vil vere cirka 65 meter lang og ha eit treoverbygg. Det er ein ganske tøff sak, seier Roppen.

Les også:


Har tilsett dei første

I Ulsteinvik har Prodtex sysselsett kring ti personar til no. Dei to første på Fiskåholmen er også tilsett, men dei kan ikkje love nokon jobb med det aller første.
– Den første tida blir det jobba mest med forsking og utvikling, og det vil ikkje vere noko stort behov for fleire. Når vi kjem i gong med produksjonen etter sommaren trur vi at vi kan sysselsette fleire. Tidlegare har vi vel sagt 30-40 personar, seier Roppen håpefullt.

Viktig for Vanylven

Etter at Ulstein-gruppa la ned produksjonen for nokre år sidan, har høghallen og kaiområdet stått mykje ubrukt.
Nye arbeidsplassar vil kome svært godt med i kommunen til Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande.
– Om det går slik vi håpar og trur, så vil dette bety veldig mykje for Vanylven-samfunnet. Det er viktig kompetanse til vårt område. Samtidig har vi moglegheiter til å skaffe dyktige fagfolk lokalt, sa ordføraren til NETT NO då moglegheitene for ny aktivitet blei kjent.

Har laga digital tvilling

Prodtex har tidlegare over Bjørnafjorden i Hordaland. Då fann dei ut at det kunne vere milliardar å spare.

Selskapet har sjølv designa konstruksjonen, og vil undervegs nytte arbeidet til å verifisere prosessane og metodikken dei har utvikla.
Bruken av ein digital tvilling av brua er også sentralt i arbeidet. Alle produksjonsdata vil bli henta ut i sanntid og lagra i tvillingen. Statens vegvesen sine folk vil også kunne følgje framdrifta av produksjonen direkte frå sine kontor.

Les også:



Publisert: 04.02.2020 16:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52