Har to baatar treng berre ein
VIL KONSENTRERE: Fiskebåtreiar Kåre Furnes i Atlantic Seafish vil ha ein betydleg auke i kor store kvotar som kan takast med kvar linebåt. Fikk han det som han ville kunne reiarlaget fiske alle kvotane sine med "Atlantic" (biletet).
Nytt

Har to båtar - treng berre ein

Fiskebåtreiar Kåre Furnes i Atlantic Seafish i Måløy har to linebåtar og nesten maksimal kvote på begge. Han seier heile fisket lett kunne gjerast unna med ein båt. 

16.11.2013
Taket for kor mykje kvar linebåt kunne få fiske burde hevast betydeleg, meiner Furnes.
- Det er betre med få båtar og sterke miljø, i staden for å spreie det ut over, seier han.
I dag anslår han at det er 25-30 linebåtar i sving. 15-20 er nok, tykkjer Furnes.
Hausten 2012 heva fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) grensa for mange kvote-faktorar som kan samlast på ein linebåt, frå tre til fem ().
Kåre Furnes meiner dette er alt for lite.
- Eg innser at ei grense bør det vere, men at fem er i minste laget er det ingen tvil om. Eg kunne godt tenkt meg betydleg meir, seier han.

Ligg på veret

Atlantic Seafish selde tidlegare i år ut den eine linebåten sin, "Polarbris", til islandske reiarar. Polarbris har fire kvote-einingar. Etter at fartyet blir levert til islendingane i november har ikkje Funes og partnarane i Atlantic Seafish avgjort kva dei skal gjere.
Furnes vedgår at sjansen for nye utspel frå Høgre/FrP-regjeringa, med mål om å auke lønsemda i fisket , er ein faktor i reknestykket.
Den andre faktoren er om det blir opna opp for at linebåtane får rett til å ta i bruk fleire reiskapstypar, først og fremst snurrevad.

Få nybygg

Nybygget som Leinebø/Uran-familiane har tinga for levering i 2015 er den første linebåten sidan reiarlaget H.P. Holmeset i Haram fekk levert "Geir II" i 2010.Til skilnad frå den havgåande ringnotflåten, som fiskar sild, makrell, kolmule og lodde, er det lite nybygging i lineflåten.
- Line heng definitivt etter, seier Furnes.
Får reiarane samla enda fleire kvotar på færre båtar er han viss på at lønsemda stig, og evna til å finansiere nybygg med den. Det er naudsynt for å kunne konkurrrere om mannskap, meiner han. Furnes trur ikke færre båtar betyr færre norske linefiskarar.
- Dei siste åra har problemet for mange å få tak i norsk mannskap. Etter at vi blei færre linebåtar har vi ikkje blitt færre mannskap, for vi har gått over til toskift-ordingar, seier.

Fart med frislepp

Då utvidinga av kor mange kvotefaktorar som kan samlast på ein båt kom ifjor, sto mange linebåtreiar klare til å handle. Dei som ville bli i fisket kjøpte, dei som ville ut, selde.
- Vi var involvert i sal av 15-20 kvotefaktorar, seier skipsmeklar Torstein Kringstad i Remøy Skipsmegling i Ålesund.
Han anslår at regelendringa fekk verdien på kvar kvotefaktorar til å stige med rundt 20 prosent, til 26-27 millionar kroner.
Og lineflåten blir stadig mindre, målt i talet på farty. For 15 år sidan var det rundt 100, no er det rundt 25, anslår Kringstad.
Ei ny regelendring kan sette ytterlegare fart på struktureringa.
- Ein del sit og ventar på at det skal bli frislepp av reiskapsval, seier Kringstad.

Letta økonomien

Hos medeigar og dagleg leiar Leif Steinar Alnes ombord på linebåten "Nesbakk" frå Godøya er stemninga god etter kvotekjøpet ved årsskiftet. Alnes kjøpte 1,5 kvotefaktorar, og slik at Nesbakk i dag nesten har maks kvote, 4,6 kvotefaktorar.
Så langt har han ikkje angra.
- Hadde vi ikkje fått det hadde det blitt fryktleg travelt å sy saman økonominen, seier Alnes.
Generalsekretær Audun Maråk i Fiskebåtredernes Forbund trur struktureringa i lineflåten vil fortsette.
-Line har vore ein av dei fartygruppen som har strukturert seg mest. Dei har gått fra 100 til under 30 farty. Det vil nok forsette, med mindre det skjer under med prisane, seier Maråk.
Lønsemda i det tradisjonelle linefisket etter lange og brosme er lav, og lineflåten er avhengig av torske- og hysefisket for få god økonomi i flåtegruppa, ifølgje Maråk.
- Det er betre med få båtar og sterke miljø, i staden for å spreie det ut over.

Publisert: 16.11.2013 16:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30