Reketeine innfelt Wenche Emblem Larssen foto møreforsking 11
NYE TEINER: Ny forsking gir betre teiner for fangst av djupvassreker. Wenche Emblem Larssen (innfelt) ved Møreforsking er prosjektleiar. Foto: Møreforsking
Nytt

Nøgd med nye reketeiner

Resultat av samarbeid mellom fiskarar, Møreforsking og Frøystad.

NPK
27.07.2021

(NPK): Møreforsking har leia eit prosjekt som har utvikla reketeiner som skal vere enklare å handtere for fiskarane, og betre kår for fisk og reke.

Prosjektleiar Wenche Emblem Larssen fortel at dei nyutvikla reketeinene har gitt imponerande resultat.

Det skriv Fiskeribladet.

Ho fortel at ein ny inngang har redusert rømming med 20 prosent, og bruk av not og snillare materiale har klart å redusere skader frå 40 prosent ned til 4 prosent.

NETT.NO har omtala prosjektet med å utvikle «reketeine 2.0» fleire gonger tidlegare. Møreforsking jobbar også med å kartlegge rekefelt langs heile kysten.

Har endra forma - ser på maskevidda
Saman med fiskarar og reiskapsleverandøren Frøystad AS, har forskarar endra form på teinene for enklare handtering og plassbesparande stabling ved lagring.

– Ved hjelp av rørslesensorar har vi sett korleis ulike teiner ter seg i vass-søyla, og korleis dei treffer botnen. Å få prøve ut dei ulike utviklingstrinna i kontrollerte forsøk i tank før testar i felt har vore nyttig, seier Larssen.

Målet er mindre bifangst, både med kalv og not.

– No ser vi på korleis justering av maskevidde på nota kan selektere ut undermålsreker på botnen, fortel ho.

Undersøkt andre lokkemiddel
Dessutan har Møreforsking undersøkt andre alternativ til lokkemiddel enn det tradisjonelle sild og laksepellets. Dei har til dømes forska på om lys kan fungere som lokkemiddel.

Frøystad og Møreforsking har kvar sine prosjekt, men i samarbeid. Møreforsking har fått 1,5 millionar kroner frå Fiskeri- og Havbruksnæringas forskingsfinansiering (FHF), medan Frøystad har fått stønad på éin million kroner frå Innovasjon Noreg.

Les meir om prosjektet (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 27.07.2021 13:31

Sist oppdatert: 27.07.2021 14:23

Mer om