Maa ta seg raad til aa handtere heile fisken
LITE BLIR NYTTA: Prosjektleiar og seniorforskar Anne-Kristin Løes (t.v.) ved Norsk senter for økologisk landbruk, meiner meir av fisken bør utnyttast til verdiskaping. 
Nytt

– Må ta seg råd til å handtere heile fisken

Ny rapport viser store unytta ressursar i restråstoff. Prosjektleiar meiner det er «sløsing slik fiske gjerast i dag», og tek til orde for endringar.

Marius Rosbach
05.01.2021
Før jul kom ein rapport som viser at det er store mengder med restråstoff frå sjø og land som kan nyttast til auka verdiskaping berre i Møre og Romsdal. Forskingsarbeidet viser at det er titusenvis av tonn med gjødsel, myse, fiskeryggar og -hovud som kan nyttast betre enn i dag.
Utgangspunktet for samarbeidet mellom NORSØK (Norsk senter for økologisk landbruk), Møreforsking og Runde Miljøsenter, har vore å kartlegge kva mengder restråstoff som finst i fylket – og korleis det kan nyttast på nye måtar.

Meiner skjerpa kontroll og reglar må til

Dårleg lønnsemd og lite etterspurnad er mellom årsakene til at mykje ikkje blir nytta. Ein anna faktor som gjer at råstoff går til spille, er smale kvalitetskrav, som at fullt spiselege poteter og grønsaker blir sortert ut på grunn av form eller storleik.
Rapporten peiker på fleire moglegheiter for at det kan bli betre. Prosjektleiar Anne-Kristin Løes ved Norsøk meiner ein ikkje kjem utanom nye krav og strengare oppfølging for fiskeriet. I dag blir store mengder fiskehovud, -ryggar og innmat igjen på havet.
– Det er eigentleg reglar som tilseier at alt som takast opp frå havet, skal takast til land, men dei må handhevast strengare, seier prosjektleiaren for rapporten til NETT NO.
Ei ny utfordring er at mykje restar etter saltfiskproduksjon som tidlegare gjekk til pelsdyr, no er blitt vanskeleg å bli kvitt.

– Sløsing slik fiske gjerast i dag

Ho meiner dagens regelverk ikkje er tilpassa ein sirkulær økonomi, med mål om å utnytte langt større delar av råstoffa enn i dag.
– Eg meiner det er sløsing slik fiske gjerast i dag. Skal ein leve av fisk, må ein ta seg råd til å handtere heile fisken, seier Løes.
Prosjektleiaren påpeikar at næringa «absolutt har blitt flinkare», men at det framleis er mykje å gå på. Sjølv har ho bakgrunn frå landbruket, som i større grad enn fiskeriet, er vande med å ta hand om store volum restråstoff for liten betaling.
– Når ein bonde produserer mjølk, blir det gjødsel. Den må sjølvsagt spreiast etter reglar og forskrifter - sjølv om det ikkje er spesielt lønnsamt for bonden, seier ho.

Stor skilnader i «betalingskrava»

Det er store skilnader mellom «betalingskrava» i fiskeri og landbruk, viser (lenke til pdf-fil).
Ein representant for ein havgåande fiskebåt fortalde at dei måtte ha minst 4,50 kroner per kilo om det skulle vere aktuelt å sortere ut og lagre hovud, eller anna restråstoff. Til samanlikning er det om lag det same som produsentane i landbruket får betalt for råstoff som mjølk og poteter.
– Om ein skal vente til det er mogleg å tene ein million, så får ein ikkje gjort noko. Men ein kan lage eit system med krav om at alt frå fisken må gjerast noko med, påpeiker Løes.

Etterlyser system for restråstoff

I rapporten kjem det fram at fiskarane sjølve har etterlyst eit system med definerte restråstoff, som det kan utviklast marknader for.
Det blir understreka at dagens båtar er laga for reglane som gjeld i dag. Om det skal endrast, må båtane også byggast annleis.
Rapporten peiker også på at det kan vere mykje å hente på å gjere norske forbrukarar meir bevisste på korleis ein kan nytte fisk og skaldyr.

Lovendring kan opne betydeleg marknad

Prosjektleiaren peiker på fleire områder der nye reglar kan utløyse store moglegheiter. Bruk av animalsk fôr til drøvtyggarar, eller insekt – som igjen kan bli protein for fiskefôr i oppdrettsnæringa, er eitt døme – som blir stoppa av dagens lovverk.
Å bruke fiskebein til gjødsel er eit anna. Desse inneheld mykje fosfor, som er naudsynt for god plantevekst. Her trengst det kapital og interesse frå næringa.
– Om vi kunne nytte desse moglegheitene, ville vi til eksempel ikkje vore nøyd til å importere soya frå Brasil og ha dårleg samvit for å øydelegge regnskogen. Vi kunne også importert mindre råfosfat frå Vest-Sahara, seier Løes.
Tidlegare blei det nytta mykje feitt og protein frå fiskebeinmel til både ku, geit og sau, men bruken blei stoppa etter utbrotet av kugalskap kring 1990. Ei lovendring på dette punktet, som også omfatta insekt, kan skape ein betydeleg marknad for restråstoff frå fiskeriet, ifølgje (lenke til pdf-fil).

Les også:



Sintef-rådgiver:




Eg meiner det er sløsing slik fiske gjerast i dag. Skal ein leve av fisk, må ein ta seg råd til å handtere heile fisken

Publisert: 05.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10