Ulstein
HAVVIND: Ulstein har stor tru på tungløftfartøy til havvind, og har utvikla eit 230,0 meter langt og 61,6 meter breidt skip som kan løfte 5.000 tonn. Skisse: Ulstein
Nytt

Har utvikla tungløftfartøy til havvind

Ulstein meiner dei har utvikla den mest effektive løysinga for transport og installasjon av havvindfundament.

04.10.2022

Ulstein opplyser på si heimeside at selskapet har utvikla designet Ulstein HX122 for å dekke morgondagens behov innan havvind. Designet har X-bow og ei kran med svært høg kapasitet, som mogleggjer effektiv transport og installasjon av fundament eller monopålar opp til 5000 tonn.

Det er naudsynt at det raskt kjem på plass ny tonnasje for fundamentinstallasjon, men som omtalt av Clarksons Platou Securities på 2022 Offshore Wind Journal Conference, er det "under-kontrahering i denne delen av havvindsegmentet", opplyser Ulstein.

Rask utvikling

Marknads- og salssjef Nick Wessels ved Ulstein Design & Solutions BV seier at ein identifiserte problemet og tok tak i dette allereie for nokre år sidan.

- Basert på omfattande marknadsundersøkingar utvikla vi det vi meiner er den mest effektive løysinga for bransjen.

- Likevel, den raske utviklinga i denne bransjen skaper usikkerheit hos vindparkutviklarane, der vi for enkelte framtidige prosjekt ser ein preferanse til å installere endå større fundament opp til 5000 tonn. Derav kjem behovet for eit fartøy med større kapasitet, seier han.

Innreidd for 180 personar
Skipet er 230,0 meter langt, 61,6 meter breidt, har ein krankapasitet på 8.000 mt, og eit dekksareal på 10.000 kvadratmeter. Det har ei innreiing for 180 personar.

Ko Stroo, som er produktsjef i Ulstein Design & Solutions BV, seier at ein i tett samarbeid med industripartnarar om integrering av utstyr, operasjonell yting og reduksjon av CO2-utslepp har lagt ned ein vesentleg FoU-innsats i utviklinga av porteføljen av tungløftsfartøy.

- Ved bruk av utprøvde teknologiar har dette ført fram til sikrare og meir effektive installasjonsfartøy. Ulstein HX122 er vårt nyaste og største design på tungløftsfartøy, som gjer det mogleg for kontraktørane å halde tritt med den den raske auken av vindturbinfundament.

Publisert: 04.10.2022 10:01

Sist oppdatert: 04.10.2022 11:37

Mer om