ULSTEIN THOR og ULSTEIN SIF Illustrasjon Ulstien Group 11
NYT T KONSEPT: «Ulstein Thor» til venstre og «Ulstein SIF» til høgre i denne illustrasjonen. Begge fartøya er utstyrt med Ulstien sin karakteristiske X-Bow-design.
Nytt

Ulstein med nytt konsept for nullutslepp

Lanserte flytande «kraftstasjon» med thoriumreaktor under cruisemesse.

Marius Rosbach
26.04.2022

Ulstein Group har utvikla eit nytt konsept omtalt «Thor», som skal vere eit fartøy for etterfylling, forsking og redning, opplyser konsernet i ei pressemelding.

Konseptet blei lansert under Seatrade Cruise-messa i den amerikanske byen Miami tysdag.

Mobil kraft- og ladestasjon
Fartøyet skal nytte ein thorium-saltsmeltereaktor for å generere store mengder rein og sikker elektrisitet, opplyser Ulstein.

Dette skal gjere fartøyet i stand til å fungere som ein mobil kraft- og ladestasjon for ein ny type batteridrivne cruiseskip, heiter det i meldinga.

Saman med det 149 meter lange «Thor»-skipet, har Ulstein utvikla det dei omtalar som «Ulstein SIF». Det er eit 100 meter langt cruiseskip som kan segle med batteridrift. Cruiseskipet skal kunne ladast i sjøen via «Thor»-fartøyet.

Vil starte utviklingsdialog

- Måla, ambisjonane og miljøkrava til nullutsleppsoperasjonar er drivarane, men til no har vi ikkje hatt løysinga, uttalar konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein i pressemeldinga.

Konsernet ønskjer å starte ein utviklingsdialog om korleis dei kan mogleggjere dei naudsynte endringane i retning av nullutslepp.

– Vi meiner at «Thor» er det svaret vi har sett etter. «Thor» er ein flytande fleirbruks-kraftstasjon som kan mogleggjere ein ny batterirevolusjon, legg ho til.

Kan ha stort potensial
Thorium er trekt fram som ei energikjelde som kan ha stort potensial for den maritime industrien som er på jakt etter grøne alternativ.

- Saltsmeltereaktorar er sikre, effektive og operativt utprøvde løysingar som fungerer ved at thorium, eit metall med lav radioaktivitet og som finst i store mengder i naturen, vert løyst opp i flytande salt. Den påfølgande kjedereaksjonen varmar opp saltet og produserer damp. Denne driv ein turbin som produserer straum, skriv Ulstein i meldinga.

– Finst i store mengder
Professor Jan Emblemsvåg ved NTNU er mellom dei som meiner at slike reaktorar har eit stort potensial i arbeidet med å gjere skipsfarten utsleppsfri.

- Her har vi ei energikjelde som finst i store mengder, og som - med rett tilnærming - er trygg, mykje meir effektiv, rimelegare og med mindre miljøavtrykk enn noko eksisterande alternativ. Frå mitt perspektiv ser eg dette som den mest levedyktige, og potensielt den einaste truverdige, løysinga for ein utsleppsfri flåte som kan operere på kommersielle vilkår og kostnadsnivå, uttaler han.

Publisert: 26.04.2022 21:54

Sist oppdatert: 26.04.2022 22:10

Mer om