Grip ulstein verft foto markus bjorli ulstein group 11
ULSTEIN VERFT: Ferja Grip er for tida inne til mellomklassing i dokkhallen ved Ulstein Verft. Det inneberer ulike typer vedlikehald og utbetringar om bord. Også systerferja Tustna var tidlegare i år inne for eit tilsvarande oppdrag. Foto: Markus Bjorli/Ulstein Group
Nytt

Held koken med ny type oppdrag

Sjølv utan nybygg har Ulstein Verft kring 200 tilsette i arbeid. Og no treng dei fleire.

Marius Rosbach
22.04.2022

Sidan ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution vart levert i fjor haust, har Ulstein Verft stått utan nybygg i ordreboka. Likevel har det langt frå vore stille.

– Vi har hatt greitt med aktivitet. No har vi 166 fast tilsette på verftet og 33 tilsette i Ulstein Elektro Installasjon, fortel administrerande direktør Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft til NETT NO.

16 ulike fartøy inne
Samtidig som verftet heile tida jaktar nybyggingsoppdrag, jobbar dei også innanfor marknadene ombygging, reparasjon og vedlikehald. Sidan i fjor haust har det vore heile 16 fartøy til kai, eller inne i dokka.

– Vi har hatt nokre fine oppdrag på ombygging av plattformsupplyskip, fortel verftssjefen.

Rett før årsskiftet fekk Esvagt-reiarlaget overlevert det andre av to slike ombygde skip.

– Det å bygge slike batteriløysningar har framtida fore seg, og det betyr mykje for oss at vi får lære meir om desse systema, legg Lühr Olsen til.

Ulstein verft foto per eide ulstein group 11
MANGE ULIKE FARTØY: Berre i år har det vore ti skip til dokking ved Ulstein Verft. Leiinga påpeiker at dei ligg godt plassert for ombygging og reparasjonsoppdrag. Næraste konkurrentar med tilsvarande storleik på hallen er i Florø og Trøndelag. På bildet ligg Island Valiant i dokkhallen og til kai ligg Olympic Promoter, Fridtjof Nansen og Olympic Zeus. Foto: Per Eide Studio/Ulstein Group

Søker nye tilsette
I desse dagar rekrutterer både verftet og andre delar av Ulstein Group-konsernet nye tilsette.

Søknadsfristen gjekk nyleg ut for nokre stillingar, medan det er få dagar att for fleire stillingar ved verftet, både i produksjonen, på sal og QA-området.(kvalitetsikring, journ. anm. ).

– Også systerselskapet vårt Ulstein Design & Solutions, har fått oppdrag og har behov for ressursar. Når dei får oppdrag, så har Ulstein Verft ressursar som bidreg på Ulstein Design & Solutions sine prosjekt. Det skjer ein del slikt arbeid, som ikkje er så synleg utad, legg Lühr Olsen til.

Snart blir det også lyst ut stillingar i det nederlandske systerselskapet.

«Ein annan puls»

Verftsdirektøren fortel at det blir «ein annan puls» i bedrifta når oppdraga i større grad kjem på kort varsel. Som nybyggingsverft har dei vore vande med å ha planlegge for ein lengre tidshorisont for oppdraga.

– Den korte tidshorisonten inneber ein litt annleis måte å køyre operasjonen på, men gjer også at vi lærer ein del nytt. Oppgåvene er ikkje nødvendigvis annleis, men ein må organisere arbeidet på ein anna måte, fortel han.

Til eksempel er det ikkje noko stor skilnad i å legge ny botnsmøring på ei eldre ferje, enn på eit flunkande nytt ekspedisjonsskip.

Den korte tidshorisonten inneber ein litt annleis måte å køyre operasjonen på
Lars Lühr Olsen

– Har teke utfordringane
Verftsdirektøren er imponert over korleis dei tilsette har handtert omstillinga.

– Dei tilsette har teke utfordringane på strak arm, i form av at mange har tatt på seg nye og utvida oppgåver og andre måtar å jobbe på. Det er også ein konsekvens av at vi har blitt færre tilsette dei siste åra, forklarar Olsen.

Mot slutten av 2020 var det kring 350 tilsette i arbeid på verftet. Sidan følgde ei nedbemanning, som blei sluttført i løpet av fjoråret.

Fridtjof nansen ulstein verft foto marius 11
HURTIGRUTESKIP: Fridtjof Nansen har vore til reparasjon både ved Westcon Yards og Ulstein Verft etter ei grunnstøting i vinter. No ligg ekspedisjonsskipet til kai i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

Usikkerheit kring nybygg
Olsen påpeiker at Ulstein framleis skal vere eit nybyggingsverft.

– Det ligg i DNA-et vårt og vi trur det vil vere behov for nybygg innan dei segmenta som vi satsar på i første rekke, som er passasjer- og cruiseskip, kabelskip og spesialskip for vind, fortel han.

Han kjenner på interessa i lokalmiljøet for om det snart kjem noko nye kontraktar. For augneblinken kan han ikkje seie noko konkret. Ulstein opplever også den same usikkerheita som store delar av industrien gjer, som følgje av krigen i Ukraina.

– Forsyningskjedene er krevjande og det er mykje usikkerheit på prising av stål og andre innsatsfaktorar. Men vi jobbar med konkrete prosjekt i segment som er relevante for oss, kan verftsdirektøren fortelje.

Publisert: 22.04.2022 08:47

Sist oppdatert: 22.04.2022 15:14

Mer om