Ulstein Vallianz kontrakt Edwin van Leeuwen Osman Ibrahim foto Emiel Lops
SIGNERING: Styreleiar Osman Ibrahim i Vallianz Holdings og administrerande direktør Edwin van Leeuwen i Ulstein Design & Solutions i samband signeringa. Foto: Emiel Lops
Nytt

Designkontrakt til Ulstein

Ser vekstpotensial i å utvikle fartøy som kan ta dei tyngste løfta til havs.

Marius Rosbach
21.06.2022

Ulstein Group har sikra seg ei ny designkontrakt med å utvikle eit hybrid tungtransportsskip for Vallianz Holdings Limited i Singapore.

Kontrakten på oppdraget er skrive med Ulstein Design & Solutions i Nederland, ifølgje ei pressemelding tysdag. Verdien på avtalen blir ikkje opplyst.

Aukande fraktbehov til sjøs
Utstyrt med nullutsleppsteknologi, vil fartøyet blir det første i sitt slag, som er drive av eit hybridkraftsystem med «dual-fuel»-motorar og eit batterilagringssystem.

– Fartøyet er designa for operasjonar over heile verda, mellom anna til den aukande transportetterspurnaden i havvindindustrien i tillegg til frakt av LNG-modular og offshore-strukturar, ifølgje meldinga.

Skipet blir på knappe 174 meter langt og 42 meter breitt med eit dekksareal på kring 6000 kvadratmeter. Designtypen heiter Ulstein HX120.

Vil utvide aktiviteten på havvind
Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group påpeiker at dei har bygd seg opp ein solid posisjon i marknaden for fartøy til alt frå vindkraft, steininstallasjon og skip for tunge løft.

- Strategien vår er å utvide aktiviteten vår til fartøy innan havvindlogistikk, uttaler administrerande direktør Edwin van Leeuwen i Ulstein Design & Solutions BV.

Konsernet opplyste før helga at fjoråret vart det første året med eit plussresultat før skatt, sidan 2014.

Publisert: 21.06.2022 14:42

Sist oppdatert: 21.06.2022 14:46

Mer om