Hareid Group hovudkontor
ORDERBOKA VEKS: Hareid Group har offentlegjort to større kontraktar for elektroarbeid på skip denne månaden.
Nytt

Hareid Group avtale med Green Yard Kleven

Har fått oppdrag på kabelleggar.

10.11.2023

- Denne kontrakten gir oss arbeid raskt, og er difor viktig for å sikre sysselsettinga på kort sikt, seier dagleg leiar Tor Marthin Sørli i Hareid Group-selskapet HG Teknikk.

HG Teknikk skal stå for elektroinstallasjon til kabelskip Green Yard skal bygge om for det japanske reiarlaget NTTWEM.

- Dei siste par åra har vi vore involvert i fleire mindre ombyggingsoppdrag ved verftet, og vi ser verkelig fram til å igjen få bidra med vår kompetanse på eit større prosjekt, seier Sørli.

Kva HG Teknikk får betalt for oppdraget er ikkje opplyst.

Største på fleire år
Ombyggingsoppdraget for det japanske reiarlaget er den største kontrakten for Green Yard Kleven på fleire år.

Kontrakten gir arbeid for verftet frå no til langt ut i neste år.

– Vi har kring 70 tilsette i arbeid i dag, og er alltid på søken etter flinke folk. Ein slik horisont gir optimisme og gjer at vi treng fleire tilsette, sa Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Fedog til NETT NO I august i år.

Ordreboka veks
Også Hareid Group har ei veksande oppdragsmengde.

I starten av november kunne selskapet fortelje at det hadde fått oppdraget med elektroinstallasjon om bord på dei to skipa Olympic-reiarlaget skal bygge ved Ulstein Verft.

– Ordrane er med på å styrke aktiviteten vår til neste år. Vi er i ferd med å bygge opp ei bra ordrebok for 2024, sa Sørli til NETT NO.

Publisert: 10.11.2023 12:23

Sist oppdatert: 10.11.2023 12:54