Hareide skal gjenreise tyske Borgward
BIL: Einar Hareide har tidlegare utvikla nye joy stick-ar og andre produkt for maritim næring. No vert han designsjef for den tidlegare tyske bilkjempa Borgward.
Nytt

Hareide skal gjenreise tyske Borgward

Designaren Einar Hareide frå Hareid skal være designsjef for den tyske bilfabrikanten Borgward AG.

03.12.2015
Dette opplyser Hareide Design i ei pressemelding.
- Eg føler meg både privilegert og utfordra. Jobben handler no om å foreine den historiske estetikken med «state of the art» teknologi for ein moderne, high tech, berekraftig og endå meir avansert bil, seier Einar Hareide.

Designsjef for SAAB

Einar Hareide er opphaveleg frå Hareid, men bur no i Moss. Han er mest kjend som tidlegere designsjef på SAAB Automobile og grunnleggaren av Hareide Design i Oslo.
Han har siste åra mellom anna jobba mykje med tvikling av nytt design for maritim næring.
No skal Hareide og firmaet Hareide Design bidra med å utvikle den tyske bilprodusenten.

Skreiv bilhistorie

Det var i perioden 1919 til 1961 den tidlegare tyskje kjempen skreiv bilhistorie.
Som Tyskland sin største og mest suksessfulle bilprodusent gjennom tidene, skapte selskapet tidleg i det forrige århundre nokre av dei mest ikoniske bilane i tillegg til ei rekkje kommersielle transportmiddel som lastebilar, bussar, brannbilar, båtar, elektriske bilar, sportsbilar og helikoptre.

Bilmesse i Genève

Det var på den 85. bilmessa i Genève 3. mars at Borgward AG annonserte sine spenstige planar for framtida. I samband med presentasjonen vart Einar Hareide introdusert som ein viktig brikke i design og relansering av Borgward, opplyser Hareide Design i pressemeldinga.
- Eg er veldig stolt over at Einar Hareide har vore ein så viktig del av arbeidet med å revitalisere merkevara Borgward.
- Gjennom kompetanse og hans lange erfaring har han bidratt med lidenskap og inspirasjon i prosessen med å forvandle Borgward til ein moderne og premium merkevare, seier Karlheinz L. Knöss, visepresident i Borgward AG, i pressemeldinga.
Eg føler meg både privilegert og utfordra

Publisert: 03.12.2015 13:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41