Dette seier Svein Gjelseth, utviklingsnavigatør i Vanylven kommune og tidlegare Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet.
Gjelseth er også medlem i styringsgruppa for Stad skipstunnel, og han er ikkje i tvil om at tunnelen vert bygt. No dreier kampen seg mest om å få prosjektet inn i første del av Nasjonal transportplan for 2018 til 2023.
- Dette slaget står no. Det er viktig at kommunar, fylkeskommunane og andre aktørar no kjenner si besøkelsestid, seier Gjelseth.
Prosjektleiar Terje Andreassen for Stad Skipstunnel i Kystverket er samd.
- Det er mange positive effektar som ikkje er talfesta i prosjektet.
- Til betre ein for synleggjort synergiar og andre positive effektar, til betre er det, seier han.
- Det er desse synergiane som fort vil avgjere om det vert oppstart på prosjektet i 2018, eller om det vil skje seinare. Til større synergiar, til større sjans er det å få prosjektet inn i første del av den neste transportplanen.
Gjelseth viser spesielt den positive effekten tunnelen vil gi ved å få eit fast hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund.
- Her kan vi til dømes få tre daglege avgangar kvar veg, og ta mykje trafikk vekk frå veg og fly.
- Med dagens nye hurtigbåtar kan ein ha møter eller konferansen på båten, i tillegg til at ein kan jobbe på same måten som ein dag gjer i komfortklassen på toga.
- Dette vert kystens lyntog.
Han viser også til positive effekter for turisme og småbåt-trafikken.
- I Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det i dag til saman 70.000 fritidsbåtar.
- Dette er ein armada av båtar, men normalt stoppar dei fleste rett nord for Stad eller rett syd for Stad fordi ein vegrar seg å runde Stad-en.
Men Stad-tunnelen på plass, ser Gjelseth for seg at det kan byggjast opp gjestebrygger og servicestasjonar på begge sider, i tillegg til at kysten vert knytt saman også for fritidsbåt-folket.
- I dag går svært mykje tid og pengar tapt ved at båtane må liggje og vente på at det skal verte godt nok vêr til å runde Stad.
Han er også sikker på at hurtiguteskipa kjem til å bruke tunnelen.
- Ein ting er sikkerheita, noko anna er opplevinga det er ved å gå gjennom tunnelen.
- Her er det også mykje å hente ved å tilby cruiseturistar ei tunneloppleving.
Gjelseth oppmodar til at arbeidet må intensiverast, og at fleire aktørar bør på bana.
- Vi må ikkje stille oss slik at tunnelen vert forseinka fordi vi ikkje godt nok har fått fram synergiane.
Gjelseth er også medlem i styringsgruppa for Stad skipstunnel, og han er ikkje i tvil om at tunnelen vert bygt. No dreier kampen seg mest om å få prosjektet inn i første del av Nasjonal transportplan for 2018 til 2023.
- Dette slaget står no. Det er viktig at kommunar, fylkeskommunane og andre aktørar no kjenner si besøkelsestid, seier Gjelseth.
Prosjektleiar Terje Andreassen for Stad Skipstunnel i Kystverket er samd.
- Det er mange positive effektar som ikkje er talfesta i prosjektet.
- Til betre ein for synleggjort synergiar og andre positive effektar, til betre er det, seier han.
Store synergiar
Saman med Vanylven Vekst har Gjelseth arbeidd for å synleggjere synergiar. Han meiner dei er svært store.- Det er desse synergiane som fort vil avgjere om det vert oppstart på prosjektet i 2018, eller om det vil skje seinare. Til større synergiar, til større sjans er det å få prosjektet inn i første del av den neste transportplanen.
Gjelseth viser spesielt den positive effekten tunnelen vil gi ved å få eit fast hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund.
- Her kan vi til dømes få tre daglege avgangar kvar veg, og ta mykje trafikk vekk frå veg og fly.
- Med dagens nye hurtigbåtar kan ein ha møter eller konferansen på båten, i tillegg til at ein kan jobbe på same måten som ein dag gjer i komfortklassen på toga.
Kystens lyntog
Gjelseth meiner at strekninga kan gjerast på fem timar med eit fåtal strategiske stopp.- Dette vert kystens lyntog.
Han viser også til positive effekter for turisme og småbåt-trafikken.
- I Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det i dag til saman 70.000 fritidsbåtar.
- Dette er ein armada av båtar, men normalt stoppar dei fleste rett nord for Stad eller rett syd for Stad fordi ein vegrar seg å runde Stad-en.
Men Stad-tunnelen på plass, ser Gjelseth for seg at det kan byggjast opp gjestebrygger og servicestasjonar på begge sider, i tillegg til at kysten vert knytt saman også for fritidsbåt-folket.
Taper tid og pengar
Også for brønnbåtar og mindre lasteskip ser han store fordelar.- I dag går svært mykje tid og pengar tapt ved at båtane må liggje og vente på at det skal verte godt nok vêr til å runde Stad.
Han er også sikker på at hurtiguteskipa kjem til å bruke tunnelen.
- Ein ting er sikkerheita, noko anna er opplevinga det er ved å gå gjennom tunnelen.
- Her er det også mykje å hente ved å tilby cruiseturistar ei tunneloppleving.
Fleire grupper
Både i Vågsøy og Selje er det eigne grupper som arbeider med å synleggjere synergiar ved tunnelen, i tillegg til styringsgruppa for Stad skipstunnel.Gjelseth oppmodar til at arbeidet må intensiverast, og at fleire aktørar bør på bana.
- Vi må ikkje stille oss slik at tunnelen vert forseinka fordi vi ikkje godt nok har fått fram synergiane.
Les meir her:
Dette vert kystens lyntog
Publisert: 02.12.2015 16:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50