Rettssaka i søksmålet frå ein rekke aksjonærar med investor og finansmann Christen Sveaas i spissen kring Solstad-reiarlaget går mot slutten, og blir avslutta fredag.
Torsdag var det klart for Frank Reite si prosedyre, som er medsaksøkt saman med Kjell Inge Røkke, Aker Capital og styret i Solstad Offshore.
Sunnmøringen har i ei årrekke vore Røkke sin tiltrudde mann gjennom si rolle i Aker og seinare Converto.
I søksmålet er Reite peika på som heilt sentral i saka – noko Røkke sjølv har reagert kraftig på.
Mellom anna meiner saksøkjarane at han har opptrådd illojalt, misbrukt informasjon og vore aktlaus i rolla si som Solstad-representant.
– Det er usedvanleg slett fundert
I sin prosedyre slakta advokat Jan B. Jansen søksmålet mot Reite fullstendig.
– Det er usedvanleg slett fundert, sa han i si innleiing.
Jansen meinte at Kistefos har trudd at Reite var ein slags edderkopp i saka, og hatt ein heilt anna rolle og innflytelse enn han i realiteten hadde.
– Likevel er det ikkje funne noko støtte for dette i det uendelege talet på bevisprovokasjonar som er lagt fram for retten, sa han vidare.
Les forklaringa til Reite i retten:
Har vore ope om si rolle
Advokaten påpeika at Reite tvert i mot har vore fullstendig ope om si rolle og følgt regelverket til punkt i prikke, mellom anna ved å erklære seg inhabil frå si rolle i Solstad-styret.
– Han har vore ein brubyggar og kommunikasjonskanal mellom partane, la han til.
Jansen meinte retten har fått vist at Reite ikkje leia dialogen på noko vis, men var ein deltakar.
Dette er Solstad-striden:
- I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
- Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
- Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet.
- Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna.
- Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober.
- Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.
– Det manglar heilt bevis
Jansen meiner Kistefos i løpet av dei 13 vekene saka har gått føre seg, ikkje har klart å peike på kva Reite konkret har gjort – og kva han eventuelt burde ha gjort i staden.
– Det manglar heilt bevis, sa han og la til at retten ikkje kan dømme ut frå det han omtala som «synsing», «reine spekulasjonar» og «gjetteleik».
– Skuldingane er grunnlause og manglar bein å stå på. Det finst ikkje noko dokumentasjon for at det er slik Kistefos antydar, sa advokaten vidare.
Rettssaka blir avslutta fredag mellom anna med replikkar og framlegging av sakskostnader.
Les også
Aker-eigaren med fleire stikk til advokatane i Solstad-søksmålet.
Ålesund-selskapet har hatt tresifra millioninntekt frå konsernet. No er det meste avslutta.
Publisert: 15.01.2026 13:24
Sist oppdatert: 15.01.2026 13:29






