Barstad kjem frå jobben som driftsjef i Strand Havfiske i Ålesund, ein jobb han har hatt dei fire siste åra.
- Eg ser det som ei spennande utfordring innan den bransjen eg kjenner og har jobba i i to tiår. Dette er eit veldig spennande selskap, godt drive og med eit profesjonelt eigarskap med dyktige og erfarne folk ombord i båtane, seier Barstad.
Han lovar stø kurs. Målet er halde fram med å utvikle ei god drift.
- Det blir ingen programerklæringar som signaliserer revolusjon, her blir det evolusjon, seier Barstad.
Han er utdanna siviløkonom frå Herriot-Watt University Business School i Edinburgh, har arbeidd som rådgivar i Norges Fiskarlag, vore avdelingsleiar i Fiskebåt, før han byrja å arbeide for Strand Havfiske for fire år sidan.
Barstad tek til i den nye jobben frå årskiftet. Fram til då er finansdirektør Eldar Farstad i Havfisk konstituert konsernsjef.
I desember 2013 nådde kursen 13 kroner pr aksje, meir enn ei dobling av verdien på under eit halvt år.
Etter eit kursfall til litt under 10 kroner, steig verdien til ein ny topp - 14 kroner pr. aksje - i sluttan av juli år. Ved børsstart i dag, tysdag 30. september, er verdien pr. aksje 12 kroner. Det prisar selskapet til ein milliard kroner.
Stigande fiskeprisar, og det at reiarlaget hadde spart ein større del av torskekvoten til hausten, var ein av grunnane til at Giskeødegård meinte det var grunnlag for ei høgare verdsetjing av selskapet.
Evolusjon, ikkje revolusjon
Barstad tek over etter Olav-Holst Dyrnes, som i mai og som tek til i møbelkonsernet i starten av oktober.- Eg ser det som ei spennande utfordring innan den bransjen eg kjenner og har jobba i i to tiår. Dette er eit veldig spennande selskap, godt drive og med eit profesjonelt eigarskap med dyktige og erfarne folk ombord i båtane, seier Barstad.
Han lovar stø kurs. Målet er halde fram med å utvikle ei god drift.
- Det blir ingen programerklæringar som signaliserer revolusjon, her blir det evolusjon, seier Barstad.
Lang fartstid
Webjørn Barstad (49) har lang og variert bakgrunn frå fiskerinæringa.Han er utdanna siviløkonom frå Herriot-Watt University Business School i Edinburgh, har arbeidd som rådgivar i Norges Fiskarlag, vore avdelingsleiar i Fiskebåt, før han byrja å arbeide for Strand Havfiske for fire år sidan.
Barstad tek til i den nye jobben frå årskiftet. Fram til då er finansdirektør Eldar Farstad i Havfisk konstituert konsernsjef.
Børsvinnar
Havfisk-aksjen har vore ein vinnar på børsen sidan sommaren 2013. I slutten av november 2012 var kursen nede i under fem kroner. Så seint som sommaren 2013 var det så vidt verdien heldt seg over fem kroner, men så tok kursen til å stige.I desember 2013 nådde kursen 13 kroner pr aksje, meir enn ei dobling av verdien på under eit halvt år.
Etter eit kursfall til litt under 10 kroner, steig verdien til ein ny topp - 14 kroner pr. aksje - i sluttan av juli år. Ved børsstart i dag, tysdag 30. september, er verdien pr. aksje 12 kroner. Det prisar selskapet til ein milliard kroner.
Verd 15 kroner
Etter at Havfisk ASA la fram resultatet for første halvår, sende analytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets ut ei analyse som konkluderte med at selskapet hadde ein verdi som tilsvarte 15 kroner pr. aksje.Stigande fiskeprisar, og det at reiarlaget hadde spart ein større del av torskekvoten til hausten, var ein av grunnane til at Giskeødegård meinte det var grunnlag for ei høgare verdsetjing av selskapet.
Det blir ingen programerklæringar som signaliserer revolusjon, her blir det evolusjon
Publisert: 30.09.2014 09:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38