Havila Holding kjoeper i Havila Shipping
KJØPER: Njål Sævik og familein kjøper seg opp i Havila Shipping.
Nytt

Havila Holding kjøper i Havila Shipping

Etter eit kursfall på 25 prosent i år, kjøper Havila Holding seg opp i børsnoterte Havila Shipping.

04.02.2015
Havila Holding kjøper 152.587 aksjar til 14 kroner pr. aksje
Etter kjøpet eig Sævikfamilien sitt holdingselskap, Havila Holding, 15.379.717 aksjar i Havila Shipping. Kjøpet aukar eigarandelen til 50,96 prosent av aksjane.

Droppa utbytte

I samband med at Havila Shipping 29. januar la fram resultatet for 2014 varsla selskapet at det .
- Vi har sagt i dag at på grunn av marknaden, og slik verda ser ut, så blir det ikkje foreslått utbytte for reknskapsåret 2014, sa Havila Shipping-sjef Njål Sævik til NETT NO.

Fallande kurs

Den dagen resultatet blei lagt fram vart ein aksje i Havila Shipping verdsett til 14,95 kroner pr. aksje. Etterpå har kursen falle, og ved børsslutt i går, 3. februar vart aksjen handla til 14,15 kroner pr. aksje.
I dag, klokka 14.14 er kursen 14,55 kroner pr. aksje.

Publisert: 04.02.2015 14:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40