Per sævik havila capella på dekk foto kjetil 11
KYSTRUTEN-EIGAR: Havila Kystruten har spurt om eit møte med Nærings- og fiskeridepartementet om finansiering av skipa dei har under bygging i Tyrkia. Her er reiar Per Sævik om bord på det første av tre skip, Havila Capella. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Havila i møte med departementet

Herøy-reiarlaget vil snakka om utfordringar med finansiering av skipa.

14.03.2022

(NPK): Flåten til Havila Kystruten er kontrollert av den russiske staten. No skal reiarlaget i møte med Nærings- og fiskeridepartementet om «utfordringar i samanheng med finansiering av norske skip», skriv E24.

Havila Kystruten risikerer å bli ramma av vestlege sanksjonar mot Russland som følgje av Ukraina-krigen,

Årsaka er at Havila Kystruten har finansiert byggjeprogram i milliardklassen gjennom ein leasingavtale med GTLK, som er heileigd av den russiske staten. Avtalen inneber at GLK eig skipa og leiger dei tilbake til Havila Kystruten dei neste ti åra. Etter det har Havila Kystruten opsjon på kjøp.

Reiarlaget er til no ikkje påverka av situasjonen, då GTLK ikkje er ført opp på sanksjonslister. Havila har likevel fått eit møte med Nærings- og fiskeridepartementet knytt til «Utfordringar i samanheng med finansiering av norske skip». Verken departementet eller reiarlaget har kommentert saka ovanfor E24.no.

Publisert: 14.03.2022 14:21

Sist oppdatert: 14.03.2022 14:29

Mer om