Havministeren møter maritime bedrifter
Statsråden som har tatt over ansvaret for maritim industri, startar med besøk til Ålesund, Hareid og Ulstein.
I samband med verftskonferansen i Ålesund tysdag kjem fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) til Sunnmøre.
Han tok nyleg over ansvaret for politikken som gjeld maritim industri, inkludert skipsfart, verft, og maritime utstyrs- og tenesteleverandørar.
Ap-statsråden har også tatt over ansvaret for kystforvaltning, inkludert styringa med Kystverket. Skjæran startar tysdagen i Ålesund med å møte kystdirektør Einar Vik Arset.
Skjæran skal halde opningsinnlegget på verftskonferansen og møter strategigruppa Maritim21 undervegs i besøket.
Etter besøket på verftskonferansen, reiser ministeren til Hareid og eit besøk ved Ulmatec Handling Systems. Dei leverer utstyr til ulike delar av den maritime industrien, men har slept unna dei verste konsekvensane av koronapandemien.
Etterpå reiser statstråden tvers over øya til Ulstein Verft for bedriftsbesøk. Verftet leverte overskot i rekneskapen for første gong på fleire år i fjor, men for Ulstein Group blei det eit nytt underskot.
Verftet har per i dag ikkje nybygg i ordreboka, etter at det siste cruiseekspedisjonsskipet til Lindblad Expeditions blei levert førre månad.
E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?
Publisert: 01.11.2021 10:07
Sist oppdatert: 01.11.2021 11:40