Ulmatec Hareid innfelt fiber vinsj
TYNNARE ORDREBOK: Fleire av Ulmatec-selskapa har mindre ordrebok som følgje av pandemien. På Hareid har dei jobb ut året mellom anna takka vere eit kontrakt på vinsjesystem (innfelt) til ein amerikansk kunde. Foto: Ulmatec
Nytt

Tøffare for sal og service i Ulmatec

Lågare inntekter og halvert overskott, men korona gir også nye moglegheiter.

Marius Rosbach
27.07.2021

Koronapandemien bidrog til at Ulstein Marine Technology-konsernet (Ulmatec) fekk lågare omsetning og overskott i fjor.

Rekneskapen viser kring 70 millionar mindre i omsetning og eit om lag eit halvert driftsresultat samanlikna med 2019-tala (sjå tabell under).

Det var vel å merke eit år med inntekter og overskott på rekordnivå for konsernet med hovudkontor på Hareid.

Utlandet meir utfordrande
Koronavanskane har gjort at ordrereserverven er mindre og tidshorisonten kortare for nokre av selskapa. Konsernet har likevel i liten grad direkte råka av pandemien.

– For konsernet har det blitt vanskelegare å operere innan sal og service mot våre kundar, spesielt i utlandet, men også delar av Norge, skriv selskapet i årsrapporten.

NETT NO har også omtalt korleis Ulmatec frykta at reiserestriksjonar ville føre til at oppdrag gjekk i vasken.

(saka held fram under)

Ulmatec (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 329,7 401,4
Driftsresultat 22 41,5
Res. før skatt 20,4 34,5

Auka moglegheiter i Norge
Samtidig gir pandemien moglegheiter for auka leveransar som underleverandør til den norske marknaden.

Ulmatec-sjef Stig Ulstein fortalde til NETT NO i fjor sommar at restriksjonane gjorde det vanskelegare å få utført maskineringsarbeid i Aust-Europa, noko som ga eit oppsving for dotterselskapet Ulmatec Components.

Ventar betring
Leiinga skriv i årsrapporten at dei ventar betring i situasjonen i takt med at pandemien kjem under kontroll gjennom 2021. Auka aktivitet og generell betring i marknadene

Mellom anna sikra Ulmatec Handling Systems-selskapet på Hareid nyleg ei «betydeleg kontrakt» med eit amerikansk selskap, som sikrar jobb til «ut i 2022».

Konsernet sysselsette 148 årsverk i 2020, fire færre enn året i forvegen.

Ulmatec Pyro gjorde det best
Ulmatec-konsernet har fem hel, eller deleigde dotterselskap i Norge. Ulmatec Pyro i Søviknes hadde eit svært godt fjorår og stod for kring halvparten av driftsoverskottet på 22 millionar.

Ulmatec Handling, Ulmatec Skipsservice og Ulmatec Baro hadde alle overskott på mellom 1,5 og 3,3 millionar i fjor, ifølgje konsernrekneskapen.

Det blei sett av utbytte frå fjoråret på 2,85 millionar. Det gjer at eigekapitalen ved årsskiftet var på nær 140 millionar kroner.

14 eigarar
Stig Ulstein og familien har den største aksjeposten av dei 14 eigarane i konsernet. Via selskapet Ulmar, eigd dei drygt 32 prosent av aksjane.

Nest størst er Borgstein Invest, som er eigd av søskena Ingunn Ulstein Botnen, samt Svein Idar, Håvard, Morten og Henning Ulstein. Selskapet har ein eigardel på drygt 27 prosent.

Publisert: 27.07.2021 12:03

Sist oppdatert: 27.07.2021 11:03

Mer om