Heidra for lang fartstid i Ulstein konsernet
PÅ VERFT I 46 ÅR: Harald Løvoll ved Ulstein Verft si avdeling i Vanylven starta karrieren ved Hatlø Verft i 1968.
Nytt

Heidra for lang fartstid i Ulstein-konsernet

Heile 21 av medarbeidarane i Ulstein Group har arbeidd samanhengande for bedrifta i 30 og 31 år.

05.11.2014
Sist laurdag vart dei heidra. Konsernsjef Gunvor Ulstein delte ut gullklokke, medan ordføraren i Ulstein, Jan Berset, delte ut Norges Vel sin medalje.
Dette opplyser Ulstein i ei pressemelding.
Ein av dei som vart heidra var Harald Løvoll. Han er arbeidsleiar på plate ved Ulstein Verft si avdeling i Vanylven.
- Eg har arbeidd i Ulstein i mange fleire år enn dette, seier Løvoll i pressemeldinga.

Starta på Hatlø Verft

Løvoll starta karrieren som snikkar ved Hatlø verft i Ulsteinvik i 1968, og tok i 1973 til ved verftet si avdeling i Vanylven. Etter eit kort arbeidsopphald på Bergen mekaniske tok Løvold til att ved avdelinga i Vanylven i mai 1984.
Han fekk medaljen saman med kollega Angeir Idar Berge som arbeider på lageret/vedlikehald i Vanylven, og som starta på avdelinga i juni 1984.
– Vi har arbeidd saman i mange år, både i Vanylven, men også i Ulsteinvik, når det har vore mindre å gjere på vår eiga avdeling, fortel Løvoll.

X-BOW-slips

Ein som fekk særleg merksemd på festen, var Kristian Fikkan, som jobbar på teknisk avdeling i Ulstein Verft. Han hadde bestilt seg nytt slips for høvet, og mønsteret på slipset var den nye hundrekronarsetelen med X-BOW®-skip på.
– Gunvor likte særs godt slipset mitt, seier han.
Norges Vel sin medalje har lange tradisjonar, og vart oppretta for å synleggjere og verdsetje menneske sin innsats i arbeidslivet. Gunvor Ulstein hadde nokre ord å seie til kvar einskild, og takka for den gode innsatsen som er lagt ned.
Ulstein Group starta aktiviteten i 1917 og er i dag arbeidsgjevar for om lag 800 personar, dei fleste av desse på Sunnmøre.
Eg har arbeidd i Ulstein i mange fleire år enn dette

Publisert: 05.11.2014 09:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38