Heilaarsveg til Geiranger for 1 6 milliardar
Nytt

Heilårsveg til Geiranger for 1,6 milliardar

Nye Strynefjellstunellar kan gi heilårsveg til Geiranger for 1,6 milliardar kroner, meiner Statens Vegvesen.

12.09.2016
Statens Vegvesen har rekna på fleire ulike alternativ for ny veg over Strynefjellet, og konkluderer med at prislappen for alternativet Statens Vegvesen meiner er det beste, blir 3,8 milliardar kroner. For 1,6 milliardar kroner kan det bli heilårsveg til Geiranger med på kjøpet.
Tilråding får Statens Vegvesen vart offentleggjort og presentert av Tone Oppedal frå Statens Vegvesen, på ein samferdselskonferanse i Geiranger i dag.

Vegkryss i fjellet

No er det opp til politikarane å prioritere. Dei to prosjekta kan byggast samla, eller kvar for seg, eventuelt også utan veg til Geiranger, i følgje Oppedal.
Bakgrunnen for utgreiinga er at dagens Strynefjellstunellar er for små og bratte. Det gjer mellom anna at tungtrafikk som kunne brukt vegen heller køyrer lenger nord eller sør.
Vegvesenet sitt alternativ er ein 16,6 kilometer tunell som går inn i fjellet like ved Folven i Stryn, og kjem ut att litt lenger aust mot Grotli enn dagens tunell. Stigningsgraden blir under fem prosent. Inne i tunellen er det planlagt eit vegkryss med ei tunellarm mot Geiranger, med utløp i Opplendskedal i Geiranger (dalen framover frå Flydalsjuvet). Tunellarmen til Geiranger blir 7,6 kilometer med ei stigningsgrad på under tre prosent.

350 nye jobbar

Ein rapport Menon Business Economics laga for Hotel Union i 2013 berekna gevinsten ved å få heilårsveg gjennom ein tunell inn til Strynefjellet. Rapporten konkludererer med at ein slik veg vil skape 300 millionar kroner i ekstra årleg driftsinntekter for turistnæringa i Møre og Romsdal og i Nord-Gudbrandsdalen. Då er også ringverknadene hos reislivsbedriftene sine underleverandørane er rekna med.
Ein slik auke vil og gi grunnlag for over 350 nye arbeidsplassar, i følgje rapporten.

Publisert: 12.09.2016 14:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00