20221110 180859 2
LEIKANGER: Kenneth Brandal seier at lokale SV-arar ristar på hovudet til Stad tunnel-forslaget til sitt morparti, og stolar på at Sp og Ap sikrar midlar til prosjektet. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Heilt hårreisande om Stad-tunnelen vert utsett

SV har ikkje funne plass til Stad skipstunnel i sitt alternative budsjett. – Heilt hårreisande, seier Kenneth Brandal.

14.11.2022

- Dei som står bak dette forslaget sit på lang distanse, og kan ikkje kjenne særleg godt til prosjektet. Lokale SV-arar ristar på hovudet.

Det seier Kenneth Brandal, dagleg leiar i Stad Molo på Leikanger på nordsida av Stad-halvøya.

Her er der planar om å bruke 1,6 millionar kubikkmeter av dei sju millionar kubikkmeter som skal sprengast ut av Stad-tunnelen. Massa skal brukast til å byggje 1,2 kilometer med moloar, samt to industriområde. I planane ligg det også bygging av gjestehamn og kaier, blant anna kaier for passasjerbåtar.

- Enorme ringverknader
Brandal seier at Stad-tunnelen ikkje berre er ein tunnel.

- Prosjektet vil gi enorme positive ringverknader, noko ikkje alle ser ut til å forstå.

Han er sjølv direktør for forretningsutvikling i Ervik Havfiske Holding, og seier at det er eit enormt behov for kaier og hamner nord for Stad.

- Vi har i dag ikkje plass til verken våre eller andre sine båtar. Vi vil ha stort behov for ei utbygging på Leikanger.

Prosjektet vil gi enorme positive ringverknader
Kenneth Brandal

- For seint å stoppe
No skal SV forhandle med regjeringspartia Ap og Sp om det endelege statsbudsjettt, og Brandal er trygg på at det er midlar til Stad skipstunnel i det endelege budsjettforslaget.

- Det er for seint å stoppe dette prosjektet no. Kystverket har kjøpt ut grunneigarar og hus ved tunnelinnangane, og folk er i ferd med å flytte ut av husa sine.

- Å seie at tunnelen likevel ikkje skal byggjast, vert rett og slett for drygt, seier Brandal.

Han viser til at prosjektet har vore gjennom eit tjuetelas utgreiingar, og no er det på høg tid å kome i gang.

- Prosjektet vert heller ikkje billegare av å vente.

Stad molo skisse ny
STAD MOLO: Slik er Stad Molo-tenkt, med moloar, kaier og industriområde. Skisse: Nordplan

Publisert: 14.11.2022 13:02

Sist oppdatert: 14.11.2022 12:42

Mer om