Helge Orten Lars Oscar Fossen Øvstegård Ørsta foto Ogne
SKATTEMØTE: Helge Orten (t.v) og Lars Oscar Fossen Øvstegård var blant innleiarane på val-og skattedebattmøte i Ørsta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Helge Orten: - Lettare å arbeide mot formuesskatten

No står bedriftseigarar over heile landet fram og protesterer.

31.08.2023

At rikfolk i Oslo hevar røysta mot formuesskatten gir ikkje draghjelp til politikarar som vil ha bort den skatten. At eigarar av små og mellomstore bedrifter over heile landet står fram og protesterer gir eit heilt anna gjennomslag, meiner stortingsrepresentant Helge Orten (H).

Til skilnad frå tidlegare er det blitt lett å få eigarar av små og mellomstore bedrifter til å stå fram og ytre seg, etter at den sittande regjering mellom anna auka formuesskatten.

– No er det enkelt å få folk til å påpeike kva dette (formuesskatten, red. merk) betyr for å skape arbeidsplassar, sa Orten på eit debattmøte i regi av Ørsta Høgre onsdag.

Viljen til å delta i debatten er ein stor fordel, meiner Orten. Han er mellom anna leiar for Høgre sitt skattepolitiske utval, som skal forme ut politikken Høgre skal gå til val på om to år.

Vil gå til retten
I Ørsta møtte Orten ein av dei mindre bedriftseigarane som har markert seg aller mest i debatten om formuesskatt, eigedomsinvestor Lars Oscar Fossen Øvstegård.

Fossen Øvstegård meiner den norske formuesskatten er lovstridig diskriminering av norske eigarar, som må betale skatt til Noreg av formue i Noreg, medan utanlandske eigarar slepp den skatten.

I og med at skatten skal betalast uavhengig av om bedriftene går med overskot, eller ei - bidrar den også til å tappe næringslivet for kapital som ellers kunne gått til investeringar og skapt nye arbeidsplassar, er Fossen Øvstegård si vurdering.

Han førebur eit søksmål mot staten og arbeider for å få med folk som vil vere med og finansiere det ei slik rettsak vil koste.

Høgre jobbar med skattekutt
Orten peikar på tre skattar Høgre har som mål å gjere noko med, å kutte - eller redusere ved eit eventuelt regjeringsskifte om to år:

  • Skatt på arbeidande kapital. (Arbeidande kapital er eit ikkje er nøyaktig definert ord, men omfattar formue i formue som maskiner, anlegg og bygg, gjerne til skilnad frå reine luksusgode som lystbåtar, privatbustad og dyre bilar).
  • Den ekstra arbeidsgivaravgifta på løner over 750.000 kroner.
  • Grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa, som Høgre meiner både er for høg og innretta på ein dårleg måte.

Publisert: 31.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 30.08.2023 21:59

Mer om