Har alliert seg med toppjuristar
Skarpskodde fagfolk vil hjelpe ørsting med å saksøke staten grunna formuesskatten.
Eit søksmål mot staten grunna formuesskatten, er blitt meir realistisk i løpet av dei siste vekene. No har Lars Oscar Fossen Øvstegård alliert seg med fleire av landets mest erfarne juridiske fagfolk i arbeidet med å førebu søksmålet.
– Draumen er å ha alt klar på plass, slik at stemninga kan bli levert så snart domstolane opnar etter ferien, fortel Øvstegård til NETT NO.
Tidspunktet er ikkje tilfeldig. Samtidig startar Arendalsveka, der heile den politiske eliten i landet samlast for å diskutere aktuelle saker.Hovudmålet er å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital – som mange bedriftseigarar må tappe betydeleg midlar frå selskapa sine for å betale.
Les bakgrunn:
Provosert av politikarar som snakkar usant
Framleis skal mykje på plass før eit søksmål vil vere klart. Men sidan NETT NO omtala planane sist har Øvstegård opplevd så mykje støtte at han er overtydd om at det vil vere mogleg å gjennomføre.
– Ein ting som mange er frustrert over, er at politikarane snakkar usant. Korleis kan til eksempel næringsministeren seie at formuesskatten er lågare enn for ti år sidan, når alle bedriftseigarar eg snakkar med, opplever det motsette, seier han.
Øvstegård meiner statsråden snakkar mot betre vitande, når han berre tek utgangspunkt i sjølve satsen.
- For min eigen del auke skattegrunnlaget berre på eitt av bygga frå 15 til 51 millionar frå 2011 til 2021, legg han til – og påpeiker at i ei eventuell rettssak, så må det snakkast sant.
Toppjuristar vil bidra
Jussprofessor Mads Andenæs og prosessfullmektig for NAV-oppryddinga, Bjørn Kvernberg, er berre nokre av personane Øvstegård har hatt kontakt med dei siste vekene.
– Dei er villige til å ta på seg jobben med å sjekke ut skattereglane i andre land og rettskjelder, fortel Øvestgård til NETT NO.
Han har óg hatt møte og rådført seg med tidlegare dommar og president i EFTA-domstolen, Carl Baudenbacher, og Laura Melusine Baudenbacher som er leiar for konkurransetilsynet i Sveits og menneskerettsadvokat.
Det høyrer med til historia at Øvstegård saman med Knut Flakk, Roger Hofseth og Jan Endre Vartdal fekk framføre sitt bodskap over to heilsider i VG nyleg.
Støtte frå påtroppande NHO-nestleiar
Ørstingen har sjølv tenkt til å legge pengar på bordet for å få gjennomført søksmålet.
I tillegg har han mellom anna fått støtte frå Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal, som har tenkt til å bruke både tid og pengar på saka.
Vartdal som snart overtek som nestleiar i NHO, omtalar seg som en sterk støttespelar til Øvstegård og meiner han er eit godt døme på korleis formuesskatten er øydeleggande for mange små og mellomstore bedrifter.
– Eg håpar og trur norske politikarar vil utvikle - og ikkje avvikle norsk privat eigarskap - noko som i yste konsekvens er ein trussel mot arbeidsplassar og velferdsstaten. Med bakgrunn i det, må vi vente at dei legg til rette for det både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan, fortel Vartdal til NETT NO.
Avgjerande med meir støtte
Øvstegård er klar på at det er heilt avgjerande at fleire blir med for å støtte kampen. I eit innlegg NETT NO publiserer fredag, forklarar han kvifor han meiner skatten er urett - og korleis han meiner den rettslege kampen kan førast.
Dei har nyleg starta ei foreining for å få ting i ordna former. Namnet blir avgjort i løpet av kort tid.
Øvstegård påpeiker at han har fått god draghjelp frå næringssjef Odd Magne Vinjevoll i Ørsta, som har fått med andre næringssjefar på Sunnmøre.
– Dei fortel om at fleire næringsdrivande har teke kontakt fordi dei har problem med å betale formuesskatten, påpeiker Øvstegård.
Publisert: 14.07.2023 05:00
Sist oppdatert: 31.12.2023 13:11