Per Olav Mevold Vikenco foto Ogne
UTVIKLA SALMON EVOLUTION: Per Olav Mevold er dagleg leiar i Vikenco og ein av dei lokale medeigarar som var med og utvikle ideen som er blitt til det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kraftig vekst med laks frå land

I 2029 skal Vikenco slakte meir enn tre gangar så mykje laks som i dag. Hovudårsaka heiter Salmon Evolution.

25.11.2022

Dei lokale medeigarane i Vikenco på Aukra var med å utvikle og etablere det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution, med anlegg på Indre Harøy.

Framover til 2029 vil laks frå Salmon Evolution vere hovudårsaka til at lakseslakteriet på Aukra går frå å slakte 18 tusen tonn laks, som i fjor, til 60 tusen tonn i 2029. Det fortel dagleg leiar Per Olav Mevold, som presenterte prognosane og forventningane for Vikenco på eit møte i Molde Næringsforum denne veka.

Foredling kan gi nye jobbar
I dag har Vikenco 250 tilsette.

Slakteriverksemda er så automatiserte at anlegget har kapasitet til å ta unna mykje meir laks med dagens bemanning. Men går det som Mevold håpar blir det også utvida foredlingsverksemd på Aukra.

Det kan i så fall gi ein auke i arbeidsstokken til 400 tilsette.

Investert 800 millionar på fire år
Ei veke før regjeringa varsla kraftig skatteauke for sjøbaserte oppdrettselskap vedtok styret i Vikenco ei investering på 300 millionar kroner. Pengane skal gå til utvida bygg og produksjonskapasitet på slakteriet.

Melvold karakteriserer regjeringa sitt framlegg om skatteauke og handteringa framlegget som «sabotasje frå den norske regjeringa» mot oppdrettsbransjen.

Skatteframlegget endrar likevel ikkje investeringsvedtaket til Vikenco. Prosessane der er kome så langt at det ikkje er eit alternativ å snu, ifølgje Mevold.

Utvidingane skal stå ferdig i 2024.

Medrekna den siste investeringa er det investert 800 millionar i Vikenco dei siste fire åra, seier Mevold.

Salmar største eigar
Vikenco gjekk frå 1,7 milliiardar kroner i driftsinntekter i 2019 til 3,2 milliardar i 2021. Resultatet før skatt i 2021 blei 98 millionar kroner.

Oppdrettselskapet Salmar er største eigar, med 51 prosent av aksjane.

Resten av eigarskapet er fordelt på selskapa Lyngheim Invest (17,08 prosent), Melvold Invest (17,08 prosent) og Bortebakken (14,84 prosent).

Lyngheim Invest er eigd av Jonny Småge og familie, Mevold Invest av Per Olav Mevold og Bortebakken av Kristoffer Reiten.

Mevold Invest og Bortebakkene eig kvar 24,951 prosent av Vikomar, der Brødrene Sperre-konsernet er største eigar. Vikomar tek mot pelagisk fisk og har anlegg i Indre Harøy.

Publisert: 25.11.2022 11:00

Sist oppdatert: 25.11.2022 11:15

Mer om