Henta meir enn 90 millionar til Storfjorden-satsing
Hofseth har mellom anna fått med japansk investor i satsinga på landbasert oppdrett.
Tysdag tok Roger Hofseth med seg deltakarar frå GATH-konferansen for å sjå på oppdrettssatsinga ved Raudbergvika.
Undervegs kunne han stadfeste til NETT NO at dei har henta inn ny kapital til selskapet World Heritage Salmon.
Ifølgje Hofseth dreiar det seg om kring 94 millionar i ny
eigenkapital. Sjølv har han gått inn med kring 40 millionar via investeringsselskap og privat.
Japanske Yokohama Reito, som Hofseth har samarbeida med tidlegare i Hofseth Aqua, er også med på emisjonen med kring 50 millionar kroner.
– Det er også nokre mindre utenlandske investorar, fortel Hofseth til NETT NO.
(saka held fram under)
Kjempeinvestering
Kapitalinnhentinga er den første av fleire som er nødvendig for å realisere heile satsinga, som er anslått å koste ein plass mellom 15 og 18 milliardar kroner.
Hofseth har tidlegare fortald at dei har hatt med fleire investorar til anlegget.
Selskapet har så langt ikkje løyve til å drive landbasert oppdrett i dei nedlagde gruvene på Raudbergvika.
Statsforvaltaren har protestert mot planane, men Hofseth kjenner seg trygg på at den politiske behandlinga av reguleringsplanen vil gå i orden. Det skjer truleg i løpet av hausten.
Vil produsere 100.000 tonn årleg
Hofseth planlegg ein produksjon på kring 100.000 tonn årleg når anlegget i Storfjorden er ferdig utbygd. Det ligg i tilfelle an til å bli verdas 3. største anlegg for oppdrett på land.
Totalt har Hofseth anslått at satsinga kan skape mellom 400 og 500 nye arbeidsplassar.
Seinast måndag kunne NETT NO fortelje om ei anna Hofseth-investering i det lukka oppdsrettskonseptet «Egget».
Publisert: 06.09.2022 15:21
Sist oppdatert: 14.11.2022 12:28