Raudbergvika montasje roger hofseth illustrasjon foto Moldskred marius 11
KAN GI MANGE ARBEIDSPLASSAR: Roger Hofseth sine planar om oppdrett i dei nedlagde olivingruvene, kan skape opptil 1000 nye arbeidsplassar. NVE og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er mellom dei som er skeptiske. Illustrasjon/foto: Moldskred/Marius Rosbach
Nytt

– No jobbar vi for å finne løysingar

Roger Hofseth trur dei skal handtere utfordringane som blir peika på i protestar mot kjempeanlegg for landbasert oppdrett i Storfjorden-gruver.

Marius Rosbach
14.02.2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og NVE protesterer mot planane til Hofseth International om å etablere det landbasert oppdrettsanlegget ved Raudbergvika i Fjord kommune.

Statsforvaltaren skriv i sitt høyringssvar at de ikkje er overtydd om at prosjektet kalla «World Heritage Salmon», vil gi «låg risiko for negativ påverknad av fjorden og økosystemet». Dei ber difor at «føre-var-prinsippet» føljast, og at ei ny vurdering kan gjerast når ein har meir kunnskap.

Vil svare ut spørsmåla
Hofseth International-sjef Roger Hofseth er ikkje overraska over at det kjem motsegner, og påpeiker at det er jobben til fagetatane.

– Den oppgåva har vi stor respekt for, og ber naturligvis ikkje om særbehandling. Spørsmåla statsforvaltaren stiller World Heritage Salmon skal vi besvare presist, fortel han til NETT NO.

Hofseth viser til områdeplanen Fjord kommune har lagt ut til høyring, der selskapet går gjennom korleis rensninga av avfallet vil gå føre seg.

– Nå jobbar vi for å finne løysingar som er gode for alle, legg han til.

Vil produsere 100.000 tonn årleg
Hofseth påpeiker at det er eit politisk mål om å femdobla produksjonen frå oppdrett dei neste tiåra, samtidig som næringa skal bli meir miljøvennleg.

– World Heritage Salmon vil produsere 100.000 tonn laks i året med null lakselus, null rømningar og fullskala rensing av utslipp. Vi i Hofseth vil aldri utvikle prosjekter som truer velferden til villaksen. Samtidig jobber vi for å sikre velferden til alle som bor ved Storfjorden, seier Hofseth.

– Vi ser fram til ein konstruktiv dialog både med Fjord kommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, legg han til.

Hofseth international raudbergvika foto marius 33
INNE I GRUVENE: NETT NO var i fjor med på ei omvising inne i gruveanleget der Hofseth planlegg eit av verdas største oppdrettsanlegg på land. Lokaliseringa inne i gruvehallane er ideellt mellom anna med tanke på temperatur. Foto: Marius Rosbach

Meir enn 400 meter djupt
Djupna på fjordsystemet er mykje av bakgrunnen for at Hofseth konkluderer med at anlegget ikkje vil «utgjere ein merkbar miljøeffekt på Sunnylvsfjorden sin høge resipientkapasitet og økologiske tilstand», som det står i områdeplanen.

Frå Storfjorden via Sunnylvsfjorden og heilt ut mot kysten, er det meir enn 400 meter djupt heile vegen. Selskapet har innhenta uttale frå Rådgivande biologer, som påpeiker at det er viktig å forstå dynamikken i fjorden, for å forstå korleis miljøet kan bli påverka.

«Oksygenbank» av enorme dimensjonar
– Storfjorden og fjordsystemet rundt er store og djupe og har ein «oksygenbank» av enorme dimensjonar. Den får jamleg påfyll av innstrøymande atlanterhavsvatn via den djupe renna heilt ut mot kysten, står det vidare i planen.

I planen blir det også påpeika at utsleppa i all hovudsak blir reinsa før dei vert slept ut i fjordsystemet.

Sjå video frå gruveanlegget i Storfjorden under:

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Publisert: 14.02.2022 13:24

Sist oppdatert: 06.09.2022 14:39

Mer om