Arctic Pearl foto Ava Ocean 11
NYE INVESTORAR: Ocean 14 Captial går inn med opptil 110 millionar kroner i havteknologiselskapet Ava Ocean frå Ålesund. Foto: Ava Ocean
Nytt

Hentar 110 millionar frå havfond

Ava Ocean får med seg Ocean 14 Capital på laget og satsar internasjonalt.

Linn Antonie Vårdal Solheim
01.08.2023

Det melder selskapet i ei pressemelding tysdag.

Åtte månader etter at Ava Ocean gjenopna det norske haneskjelfiskeriet i Barentshavet satsar selskapet på å ta konseptet ut i verda, og hentar opptil 110 millioner kroner, eller 10 millionar euro i ny kapital frå internasjonalt havfond.

- Fiskeriet i Barentshavet begynner å gi resultater og høsteteknologien vi har utviklet leverer godt. Vi har store ambisjoner for teknologien og muligheten til å endre et globalt fiske til det bedre, så nå er vi kjempestolte over å få med oss et så anerkjent fond som Ocean 14, skriv CEO og gründer Øystein Tvedt i pressemeldinga.

Globalt havfond med norske interesser
Ocean 14 Capital er eit av dei største globale fonda innan den blå økonomien, og fondet har investert i ei rekke havteknologi- og sjøfartsbedrifter med grøn profil.

Ava Ocean er det første selskapet dei investerer i som er knyttet villfangst og fiskeriteknologi.

NETT NO omtala tidlegare i veka korleis fjoråret og dei første fisketurane gjekk med tap. Dei siste turane melder reiarlaget at dei har fått sving på fiske.

Ava Ocean dåp Jan H Sundet Øystein Tvedt foto Marius Rosbach 11
NY FANGSTTEKNOLOGI: Ava Ocean har utvikla sin eigen fangstteknologi som også kan bli en salsvare for selskapet. Høsteren over hodene på havforskningsnestor Jan H. Sundet (t.v.) og Ava Ocean-sjef Øystein Tvedt var tildekka då skipet Arctic Pearl blei døypt. Foto: Marius Rosbach

Skal botnskraping til verks
Ifølge Norges Sjømatråd er det globale kamskjellmarkedet åleine på meir enn 2,7 millionar tonn i året.

Globalt er botnskrape den mest utbreidde reiskapen for å hauste botnlevande sjømat som kamskjel og sjøpølse, men teknologien er lite skånsom påverkar livet på havbotnen negativt.

I Noreg har botnskrape vore ulovlig sidan tidleg 90-tall, som eit direkte resultat av kollapsen i haneskjelbestand.

Globalt potensiale
I pressemeldinga skriv Ava Ocean at dei estimerer at det rundt om i verda finnast meir enn 1,000 fiskefartøy som framleis nyttar seg av botnskrape, og at potensialet for teknologien deira er enormt.

Ava Ocean har utvikla ein hausteknologi som ifølgje dei sjølve er det første reelle alternativet til skraping, og teknologien er utvikla i tett samarbeid med norsk havforsking.

- Med Ocean 14 Capital får vi en partner som kompletterer investorteamet vårt på en fantastisk måte når målet vårt er å endre måten verden høster og forvalter ressursene som ligger på havbunnen, skriv Tvedt.

Norselab og Hofseth på eigarsida
Frå før av har Ava Ocean med seg mellom anna Hofseth International og Norselab på eigarsida. Dei har vore med på å bidra til å ta teknologien frå prototype, til å realisere fiskeriet i Barentshavet.

Selskapet melder at etter litt over seks månadar med operativt fiske, kunne Arctic Pearl skilte med at haustinga byrjar å vise lønnsemd.

Publisert: 01.08.2023 13:04

Sist oppdatert: 01.08.2023 13:53

Mer om