Ava Ocean Øystein tvedt bernt rogne sverre olav farstad foto marius 11
FISKERSTRAND: Øystein Tvedt (f.v.), Bernt Rogne og Sverre Olav Farstad utgjer den yngste generasjonen blant Tau Tech-gründarene. Skipet dei skal nytte til å sanke skjell, kom fredag til Fiskerstrand Verft. Foto: Marius Rosbach
Nytt

No startar den verkelege jobben

Ombygging på Fiskerstrand, nytt reiarkontor i Ålesund og utviklingsavdeling i Ulsteinvik. Tau Tech-gründarane har nok å gjere.

Marius Rosbach
21.01.2022

Det som skal bli den første skjellhaustaren til Tau Tech kom fredag til Fiskerstrand Verft. I løpet av våren og sommaren skal det tidlegare offshoreskipet byggjast om og få namnet Arctic Pearl.

Målet i første omgang er prøvefiske til hausten, men mykje skal gjerast før det.

Skal rekruttere 50 sjøfolk
I tillegg til sjølve ombyggingsjobben på verftet som skal følgjast opp, skal selskapet ha på plass reiarkontor i Ålesund og utviklingsavdeling i Ulsteinvik.

– Vi er i gong med å bygge opp dette no, og i løpet av våren vil vi mellom anna rekruttere kring 50 sjøfolk som vil mønstre på til hausten, fortel dagleg leiar Øystein Tvedt til NETT NO.

Ved utviklingsavdelinga i Ulsteinvik vil det jobbe tre tilsette i første omgang, under leiing av Bjørn Roppen.

– Vi er eit teknologiselskap, og vi investerer og vidareutviklar teknologien vidare, legg Tvedt til.

Hofseth-samarbeid
Gründerane legg ikkje skjul på at dei gjerne ser føre seg fleire skip.

– Vi har eit mål om at dette skal bli eit gjennombrot for skjellfiske i Norge, og internasjonalt for å hauste på denne måten, fortel Tvedt.

Det utgjer ein av dei største uutnytta fiskeriressursane i Norge
Øystein Tvedt

For å lukkast er dei naturleg nok avhengig av sal av det dei håpar blir ein ny eksportartikkel. Marknadsarbeidet gjerast i samarbeid med sjømatkonsernet Hofseth – og eigaren Roger Hofseth er mellom investorane i selskapet.

– Ifølgje kartlegginga som vi har gjort og som vi hadde frå før, blir det anslått ein bestand på 300-400.000 tonn med fangstbare skjell. Det utgjer ein av dei største uutnytta fiskeriressursane i Norge, fortel Øystein Tvedt.

(saka held fram under)

Tau tech arctic pearl 11
PRØVEFISKE TIL HAUSTEN: Namnet Arctic Pearl har kome på skutesida til Tau Tech-skipet. I løpet av våren og sommaren skal offshoreskipet byggjast om ved Fiskerstrand. Foto: Marius Rosbach

Stort arbeid med regelverk
Både fangstmetoden og produktet gjer at skjell-produkta blir i den eksklusive enden av skalaen. Bernt Rogne, som har ansvar for sal og marknad i Tau Tech fortel at bærekraft i heile verdikjeda blir vesentleg.

– Det er nøysamt arbeid og tek tid, men vi håpar at den grundigheita blir reflektert i sluttproduktet, fortel Rogne.

Å få eit regelverk på plass, har vore ein av dei store oppgåvane. Dei brukte halvanna år berre på å lage eit utviklingsprogram som kunne føre fram til at det blei opna for nytt fiske.

Har bygd på lokal kunnskap
Logistikken kring det operative blir leia av Sverre Olav Farstad, eit kjent namn i bransjen. Og kontaktar i den maritime klynga har vore avgjerande for å realisere satsinga. Farstad påpeiker at alt av leverandørar er lokale.

– Det er heilt fantastisk, og vi er komne dit vi er i dag fordi vi har desse ressursane i nærleiken, fortel han.

Øystein Tvedt påpeiker at det er to årsaker til at Tau Tech finst: At fiske etter haneskjell blei stansa på 1990-talet og kompetansen frå det maritime miljøet i regionen.

– Vi har nytta oss av dei ressursane som finst i offshoremiljøet i regionen. Her er vi blant dei fremste i verda og heile prosjektet er bygd på «ryggen» av denne kompetansen, seier Tvedt.

Publisert: 21.01.2022 15:20

Sist oppdatert: 21.01.2022 18:04

Mer om