Hentar pengar og varslar ny emisjon
NY PARTNAR:Styreleiar Harald Nordal (t.v) og storaksjonær Jan Remmereit har fått inn ein ny medeigar i Hypertermics Energy etter emisjon.
Nytt

Hentar pengar og varslar ny emisjon

Etter nesten to års innsats har Harald Nordal og Jan Remmereit fått ein stor investor med på laget i Hyperthermics Energy.

07.01.2019
Hyperthermics Energy har utvikla eit biogass-anlegg som skal få meir energi ut av råstoffet enn eit tradisjonelt biogassanlegg.
Selskapet inngjekk i fjor ein avtale med renovasjonsselskapet Lindum om å bygge eit testanlegg i full skala for utvinning av biogass i Drammen.
No går energiselskapet Vardar inn som medeigar, i følgje ei pressemelding.

Ny kapitalutviding neste år

Arbeidande styreleiar Harald Nordal i Hyperthermics Energy seier partane er samde om å ikkje gå ut med storleiken på kapitalutvidinga, som gjer Vardar til eigar av 20 prosent av selskapet. Resten er eigd av Jan Remmereit-kontrollerte Hypertermics (45 prosent) og samarbeidspartnaren Høst verdien i avfall as (35 prosent).
Pengane som kjem inn skal gå til å finansiere ei satsing som fører til at Hypertermics Energy i 2017 får seld 10 slike anlegg som no skal testast ut i Drammen.
Går alt som Hyperthermics Energy vonar vil suksess i Drammen og sal av fleire anelgg neste år gjere det råd å gjennomføre ei ny og større kapitalutviding alt neste år, i følgje Nordal.

Doblar utbyttet

Poenget med prosessen Hyperthermics Energy har utvikla er å få fart på komposteringsprosessen ved hjelp av høg temperatur.
Ei biogass-anlegg vinn ut metangass frå nedbryting av biologisk materiale, til dømes kloakk, gjødsel, tang- og tare, mat- og hageavfall. Metan kan til dømes brukast som drivstoff i bussar.
Hypertermics sin ide er å byggje ein liten "høgtemperatur-reaktor" saman med eit eksisterande biogass-anlegg.
Ved å køyre avfallet - i flytande form - gjennom reaktoren, skal Hyperthermics sette fart på nedbrytingsprosessen. Høg temperatur, og bakteriar og arkeer (ein slektning av bakteriar) som er tilpassa temperaturar over 70 grader, skal sørge for at jobben blir gjort.
- Du kan halvere tida og doble utbyttet, sa Nordal til NETT NO i 2014
Det betyr dobbel gevinst, fordi eit raskare anlegg ikkje treng å vere like stort og kostbart som eit tradisjonelt biogass-anlegg må vere i dag. Varmebehandlinga gjer også at sluttproduktet er fritt for skadlege organismar.

40 millionar

Til saman har Hyperthermics Energy og Lindum fått 19 millionar kroner i offentleg støtte til utvikling av den fullskala test-reaktoren i Drammen. I tillegg kjem 20 millionar som Lindum skal bruke til å tilpasse det eksisterande anlegget til den nye måten å utvinne biogass på.
Hyperthermics baserer seg på å sal av system og organismane som skal til for å halde prosessen i gang. Selskapet har inngått ein intensjonsavtale om produksjon av anlegga med Havyard Group-selskapet MMC Green Technology, som tek teknologi frå handtering av fisk inn i handtering av avfall.

Fylkeskommunal satsing

Medan renovasjonselskapet Lindum er eigd av Drammen kommunen er Vardar eigd av Buskerud fylkeskommune.
Vardar-konsernet hadde 830 millionar kroner i driftsinntekter i 2014.
Selskapet investerer i utvinning av fornybar energi, og eig og driv fjernvarmeanlegg på Hønefoss og Vestfossen, er medeigar i vindkraftanlegg i Sverige og på Fitjar, og er medeigar i 21 vasskraftverk i Drammensvassdraget og Numedalsvassdraga.

Publisert: 07.01.2019 14:15

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:21

Mer om