Sissel Ødegård Foto Herøy Næringsforum 11
FYLKET: Prosjektet er delfinansiert av fylkeskommunen, fortel Sissel Ødegård i Herøy Næringsforum. Foto: Herøy Næringsforum
Nytt

Herøy-elevar på innovasjonscamp for første gong

Håper det vil bidra til rekruttering i framtida.

Frå 27. til 30. november skal elevar på 9. trinn frå Ytre Herøy ungdomsskule og Stokksund skule bli delt inn i 20 grupper under noko som heiter innovasjonscamp.

Første dagen vil dei få oppgåver frå offentlege og private bedrifter i Herøy, som skal løysast i løpet av desse dagane.

Målet er at elevane skal bli kjent med det lokale næringslivet, og at bedriftene tidleg kan kome i kontakt med ungdom.

– Næringslivet ser på innovasjonscampen som kjempespennande. Det er ein fin måte for dei å kome i dialog med ungdommen på, seier dagleg leiar i Herøy Næringsforum, Sissel Ødegård.

Ikkje eit nytt konsept
Mellom anna Hareid, Ørsta og Ålesund har arrangert innovasjonscamp tidlegare.

– Å starte opp ein dette har vore på agendaen frå kommunen tidlegare. Sidan eg starta i jobben i fjor haust, har eg sett kor godt og breitt næringsliv det er her.

Difor gjekk dei inn i samarbeid om å arrangere innovasjonscamp for å føre skule og næringsliv tettare saman.

– Oppgåvene elevane blir tildelt kjem til å ha stor breidde, sidan bedriftene driv med alt frå opplevingar til teknologi.

På torsdagen vil dei tre beste løysingane bli presentert av ein jury samansatt av ordførar, representantar frå kommunen, næringslivet og Ungt Entreprenørskap.

Lene Moen Karlsen Foto HAV Group
SPENT: Lene Moen Karlsen i Hav Group er spent på å sjå effekten innovasjoncamp vil ha om det blir eit kontinuerlig opplegg. Foto: Hav Group

Kan bli viktig for rekruttering
Hav Group er ei av bedriftene som skal la ungdommen bryne seg på oppgåver.

– For det første er vi med fordi vi er veldig opptekne av unge si utvikling i nærmiljøet. Ikkje minst er vi glade for at vi får besøke skulane, dele faglege perspektiv og vise ungdomen korleis teoretisk kunnskap kan bli til praktisk erfaring, seier Lene Moen Karlsen som er marknads- og kommunikasjonsrådgjevar i konsernet.

Ho håper dei får sjå kreativiteten frå unge hjerner, og korleis dei vil løyse oppgåvene dei blir gitt.

– Ungdomsskuleelevar er ei viktig målgruppe, og det er bra at dei får eit reellt blikk inn i lokalt næringsliv.

Dette er bedriftene som deltek:

  • MMC First Process
  • Sparebanken Møre
  • HAV Group
  • Norwegian Greentech
  • Havopplevelse
  • Herøy Produksjon

Utfordring å finne kompetanse
Oppgåva dei vil gi ei problemstilling som dei ønsker å høyre unge folk sine tankar og løysingar.

– Det skal ikkje vere for vanskeleg heller. Dei har berre nokre få dagar på seg.

Ho trur at elevane vil få eit godt innblikk i næringslivet før dei vel ei vidareutdanning gjennom campen.

Ei stor bedrift treng folk med fleire bakgrunnar, påpeiker Karlsen.

Ingeniørar, HR-tilsette, kommunikasjonsfolk, økonomar og kreative hovud kan alle saman få arbeid i konsernet.

– Det er ei utfordring å finne kompetanse. Derfor er tidleg kontakt med ungdom kjempepositivt. Kanskje dei då hugsar oss når dei blir lærlingar, eller skal skrive akademiske oppgåver.

Publisert: 23.11.2023 13:27

Sist oppdatert: 23.11.2023 13:33

Mer om