Får resultat ved å invitere studentar
Studentar blir lokka til regionen med festival og toppturar. Simen (23) er mellom dei som trefte ny arbeidsgivar på den måten.
Tilgang på arbeidskraft er framleis mellom dei store utfordringane for bedrifter på Nordvestlandet. Det har fått næringslivet til å tenke meir kreativt i jakta på nye tilsette.
I fjor gjekk MMC First Process og fleire andre bedrifter gjekk saman om å invitere studentar til Jugendfest i Ålesund med dekka reise og opphald.
Også næringslivet i Romsdal har dei siste åra invitert studentar frå andre kantar av landet til toppturar i regi av Molde Næringsforum.
Resultata i etterkant viser at fleire av deltakarane har funne seg jobbar i regionen.
– Ein spennande arbeidsplass og industri
Simen Gjethammer Grønvik var mellom studentane som var med på Jugendfest-turen i fjor.
I år har han hatt sommarjobb i MMC First Process og ser gjerne for seg ei vidare karriere i sunnmørsbedrifta etter sivilingeniørstudiet.
– Eg fekk eit veldig godt inntrykk av bedrifta under festivalturen og har høyrt mykje bra om dei. Det er både ein spennande arbeidsplass og industri, og som passar godt med det eg studerer i Trondheim, fortel han til NETT NO.
Meiner Ålesund har «anonym posisjon»
23-åringen har budd delar av livet i Ålesund og har familie her. Det gjorde det naturleg å søke seg til byen. Men Grønvik trur mange studentar kjenner lite til kva moglegheiter som finst i regionen.
– Inntrykket mitt er at Ålesund framleis har ein anonym posisjon som alternativ arbeidsstad, seier han.
Samtidig meiner han regionen har mange spennande bedrifter som er attraktive arbeidsplassar.
Tiltaket med å invitere kandidatar å kome til Ålesund for ei helg, meiner han er ein god måte å skilje seg ut konkurranse med andre og større byar.
– Ved å arrangere ein slik tur oppnår dei også at deltakarane framsnakkar byen og Sunnmøre i etterkant til andre studentar, legg han til.
Mange vil på topptur i Romsdal
Mange av bedriftene som inviterer studentar til Ålesund kjem frå havbruksklynga, og Salmon Evolution er mellom dei som nyleg har tilsett ein kvinneleg fôringsoperatør som var med på turen i fjor.
I Romsdalen inviterer Molde Næringsforum studentar til toppturar både vår og haust. I etterkant har dei registrert at alt frå rekneskapsbyrået Admento og revisjonsbedrifta BDO, til den maritime utstyrsleverandøren Motus har tilsett folk.
Då næringsforumet inviterte til ein gratis topptur i Romsdalsfjella i vår, var det kring 200 søkjarar til dei 40 plassane. Året i forvegen var det heile 450 søkjarar.
I slutten av september blir det arrangert ny tur til Moldemarka og Romsdalseggen.
E22/S2 Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet folka dei treng?
– Gode ambassadørar for regionen
HR-sjef Merete Mostue i MMC First Process fortel at det er fleire kandidatar enn Simen Gjethammer Grønvik, som er aktuelle for jobbar i bedrifta når dei er ferdige med studiar.
– Dei er også gode ambassadørar for regionen og snakkar med venner og kjente. Vi har fått fleire gode søkjarar der nær alle saman har sagt at dei la merke til Jugendfest-kampanjen, seier ho til NETT NO.
Møter bedrifter til speed-date
I helga går årets utgåve av Jugendfest av stabelen i Ålesund, og ei ny gruppe studentar er på besøk i byen.
Dei 15 studentane kjem hovudsakleg frå Trondheim, Oslo og Bergen. Fredag skal dei mellom anna møte lokale bedrifter til speed-date.
– Bedriftene har fått vite om bakgrunnen til dei ulike studentane, også får de velje kven dei helst vil møte, fortel Mostue.
Publisert: 18.08.2023 05:00
Sist oppdatert: 18.08.2023 21:33