Her er nye Gunnar Langva
NYBYGG: Her passerer nye Gunnar Langva i Røyrasundet i Herøy på veg til Ålesund.
Nytt

Her er nye Gunnar Langva

Nyebåten skal døypast i Ålesund 11. januar.

25.11.2019
Gunnar Langva-reiarlaget i Ålesund har fått sin femte Gunnar Langva levert.
Dåpen skal vere i Ålesund 11. januar. Reiarane inviterer til open båt.
Fram til dåpen skal ein få om bord utstyr og gjennomføre prøveturar.
Nye Gunnar Langva er 74,8 meter lang, 15,5 meter brei og har 14 lugarar.
Den Kongsberg Maritime-designa (tidleagre Rolls-Royce) pelagiske trålaren er utrusta ved Westcon i Øksenvåg, medan skroget er bygt i Polen.
Nye Gunnar Langva skal erstatte eksisterande Gunnar Langva frå 2003. Også den båten var eit samarbeid mellom Rolls-Royce og Westcon Yards.
Bak reiarlaget står Bjarne og Gunnar Longva.
Selskapet omsette i fjor for 79,0 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 12,2 millionar.

Publisert: 25.11.2019 11:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45