Ferje hurtigbåt fjord1 foto marius
TRYGGARE: Reisa for passasjerar på ferje og hurtigbåt skal bli tryggare med dei nye reglane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Historisk endring for passasjertryggleik

For første gong på 50 år kjem ny forskrift for passasjertransport til sjøs - og den er også på nynorsk.

NPK
15.01.2022

(NPK): Sjøfartsdirektoratet har sendt ut ei ny forskrift om tryggleik i passasjerområde. Det er den første forskrifta frå direktoratet på nynorsk, og forgjengaren er nesten 50 år gammal.

Den nye forskrifta er tilpassa moderne krav og legg betre til rette for det grøne skiftet, heiter det i ei pressemelding frå direktoratet. Den viktigaste endringa med tanke på det grøne skiftet er at ein del krav som har ført til unødig vekt om bord er fjerna. Dette var i hovudsak krav som var knytte til komfort eller sørvistilbod om bord.

– Næringa får dermed større fleksibilitet og det blir enklare å byggje små lette båtar for til dømes urbane område. Det er Ruter i Oslo som har vore den sterkaste pådrivaren for denne fleksibiliteten, seier senioringeniør på passasjerskipsavdelinga, Jan Reinert Vestvik.

Fleire forbetringar
Den nye forskrifta inneheld også fleire forbetringar, blant anna strengare krav til utforming av trapper og rekkverk. Dei nye krava kjem som følgje av ulukker.

– Bratte trapper på ferjer og snøggbåtar har ført til fleire ulukker der passasjerar har fått alvorlege skadar. Den nye regelen for utforming vil gjere trappene tryggare. Vi har også sett døme på at opningar i skutesidene kan vere farlege for nysgjerrige barn, og vi har derfor skjerpa sikringa av slike, seier Vestvik.

Det er også teke inn ein regel om transport av «farleg reisegods». Det er eit behov som Hurtigbåtforbundet HRF har meldt inn, og det gjeld særleg øysamfunn der snøggbåten er einaste transportmiddel. Det kan vere snakk om transport av gass til grillen, bensin til plenklipparen og liknande.


– Dei ordinære reglane for transport av farleg last er ikkje tilpassa privatpersonar, så no legg vil til rette for at små mengder farlege reisegods kan transporterast på ein sikker måte. Det er også teke inn særskilde krav ved transport av elsparkesyklar, elsyklar og andre mindre elektriske køyretøy, nemner Vestøy.

Historisk
Dette er altså den første forskrifta til Sjøfartsdirektoratet som er skriven på nynorsk.

– Det var krevjande å omsetje fagterminologi og juridiske uttrykk, men arbeidet som blei gjort i denne runden vil gjere det lettare å skrive forskrifter på nynorsk framover, seier Sonja Hillersøy, som leier underavdelinga for passasjerskip i Sjøfartsdirektoratet.

Den tidlegare KrF-leiaren og statsråden Knut Arild Hareide byrja som ny toppsjef i Sjøfartsdirektoratet 1. januar.

(©NPK)

Publisert: 15.01.2022 16:21

Sist oppdatert: 15.01.2022 14:38

Mer om