- Ja, eg er heldig som får jobbe med dette. Det er ein enorm marknad for norsk sjømat i Storbritannia. Ofte er utfordringa å få ta i nok sjømat.
Vi møter Møller på kontoret til Innovasjon Norge i Oxford Circle sentralt i London. Rundt han er det feire sushibarar og restaurantar som sel norsk sjømat.
Ikkje mange meter unna har den amerikanske supermarknadskjeda Wholefood rett nok nettopp kasta ut norsk torsk, men erstatta torsken med skrei frå Lofoten.
- Dette er ei kjede som vil ha det vesle ekstra for å skilje seg ut. Difor er skrei her meir populært enn torsk.
- Det er heile pakken som sel, både historia bak, fangstmetodane og ikkje minst at det er snakk om eit sesongfiske.
- Ofte brukar vi skreien til å få innpass til å promotere andre fiskeslag.
- Forutan å vere fiskar i eitt år, har eg jobba i fiskerinæringa med produksjon og eksport sidan 1994.
Han starta i stillinga i London sommaren 2013, og har sett at sjømateksporten til Storbritannia har auka kvart år etter at han starta.
I volum hadde Storbritannia størst vekst av alle i 2015.
Spesielt har auken vore stor for norsk laks, der over 80.000 tonn laks vart eksportert til Storbritannia i fjor.
- Her er det ingen teikn til stagnasjon. På laks er det nesten slik at ‘the sky is the limit’, seier Møller.
- Ja, vi har på gang ein kampanje for norsk sjøørret. I første omgang har vi starta med kokkane og laga oppskriftshefter. Responsen så langt er god.
Også for hyse og torsk har han god tru på auka eksport, spesielt for sjøfrosne produkt.
- Spesielt står linefanga fisk høgt i kurs. Britane betalar gjerne ekstra for linefanga fisk.
For å marknadsføre norsk sjøfrosen fisk, hadde Sjømatrådet ein storkampanje 17. mai 2014.
Norske fiskefartøy stilte med gratis torsk, og kampanjen vart køyrd over 99 ulike restaurantar og serveringsstader over heile landet.
Møller seier at kampanjen var ein suksess, ikkje minst for å fronte sjøfrosen fisk og fortelje om at Norge forvaltar verdas største torskebestand.
- Britane er vande med fersk torsk. Her fekk dei erfare at frosen torsk kan vere vel så god.
- I forhold til mange andre leverandørar har vi eit relativt lite volum av sjøfrosen filet. Då vert vi litt sårbare når store leverandørar byter fartøy.
- Men eg ser også at nye aktørar kjem inn i marknaden, og ikkje minst forventar vi vekst av HG-fisk frå Norge, som deretter vert filetert i Storbritannia.
Vi møter Møller på kontoret til Innovasjon Norge i Oxford Circle sentralt i London. Rundt han er det feire sushibarar og restaurantar som sel norsk sjømat.
Ikkje mange meter unna har den amerikanske supermarknadskjeda Wholefood rett nok nettopp kasta ut norsk torsk, men erstatta torsken med skrei frå Lofoten.
- Dette er ei kjede som vil ha det vesle ekstra for å skilje seg ut. Difor er skrei her meir populært enn torsk.
Brukar skrei som døropnar
Møller seier at skreisatsinga har slått godt an.- Det er heile pakken som sel, både historia bak, fangstmetodane og ikkje minst at det er snakk om eit sesongfiske.
- Ofte brukar vi skreien til å få innpass til å promotere andre fiskeslag.
Fiskeribakgrunn
Møller er sjølv frå Gratangen, men bur i Lyngen når han er heime. I motsetning til mange av sjømatutsendingane har han fiskerierfaring.- Forutan å vere fiskar i eitt år, har eg jobba i fiskerinæringa med produksjon og eksport sidan 1994.
Han starta i stillinga i London sommaren 2013, og har sett at sjømateksporten til Storbritannia har auka kvart år etter at han starta.
Kraftig vekst
Storbritannia er no fjerde størst for norsk sjømat, berre etter Polen, Danmark og Frankrike.I volum hadde Storbritannia størst vekst av alle i 2015.
Spesielt har auken vore stor for norsk laks, der over 80.000 tonn laks vart eksportert til Storbritannia i fjor.
- Her er det ingen teikn til stagnasjon. På laks er det nesten slik at ‘the sky is the limit’, seier Møller.
Meir
sjøørret
No skal også den norske sjøøretten promoterast.- Ja, vi har på gang ein kampanje for norsk sjøørret. I første omgang har vi starta med kokkane og laga oppskriftshefter. Responsen så langt er god.
Også for hyse og torsk har han god tru på auka eksport, spesielt for sjøfrosne produkt.
- Spesielt står linefanga fisk høgt i kurs. Britane betalar gjerne ekstra for linefanga fisk.
For å marknadsføre norsk sjøfrosen fisk, hadde Sjømatrådet ein storkampanje 17. mai 2014.
Storstilt kampanje
På norges nasjonaldag vart det servert 40.000 måltid med fish & chips, til den historiske prisen 99 pence.Norske fiskefartøy stilte med gratis torsk, og kampanjen vart køyrd over 99 ulike restaurantar og serveringsstader over heile landet.
Møller seier at kampanjen var ein suksess, ikkje minst for å fronte sjøfrosen fisk og fortelje om at Norge forvaltar verdas største torskebestand.
- Britane er vande med fersk torsk. Her fekk dei erfare at frosen torsk kan vere vel så god.
Filetering i Storbritannia
Men det har også vore utfordringar.- I forhold til mange andre leverandørar har vi eit relativt lite volum av sjøfrosen filet. Då vert vi litt sårbare når store leverandørar byter fartøy.
- Men eg ser også at nye aktørar kjem inn i marknaden, og ikkje minst forventar vi vekst av HG-fisk frå Norge, som deretter vert filetert i Storbritannia.
På laks er det nesten slik at ‘the sky is the limit’
Publisert: 11.02.2016 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52