Her vil dei ha senter for autonom skipsfart
RAFFELNESET: Partnarane meiner det er naturleg å plassere eit senter for autonom skipsfart på Raffelneset. Frå venstre framme: Håvard Myrene frå Ulmatec, Geir Eilertsen frå G. Eilertsen, Idar Flø frå Norwegian Centre of Maritime Communication, ordførar Bernt Brandal, Stian Garnes frå Dimo og Karsten Sævik frå Hareid Group. Bak frå venstre: Rådmann Ragnhild Velsvik Berge, Oskar Grimstad frå Kystrederiene og Bjørn Teigene frå Hareid Group. 
Nytt

Her vil dei ha senter for autonom skipsfart

Bedrifter, kommune og næringsselskap går saman om å forske på ny teknologi for skipsfarten på Hareid.

Marius Rosbach
16.12.2019

Med Idar Flø frå Norwegian Centre of Maritime Communication som primus motor har fleire bedrifter gått saman om eit forskingsprosjekt som skal jobbe fram ny teknologi for skipsfarten.

Prosjektet var eitt av 16 nyskapingsprosjekt frå Møre og Romsdal som slapp gjennom nålauget i tildelinga frå forskingsrådet, som blei gjort offentleg måndag. Prosjektet er tildelt 7,37 millionar kroner.

– Basert på den spisskompetansen og naturgitte føresetnadene som er her, skal Hareid bli ei nasjonalt senter for utvikling av autonome skip, fortel Hareid-ordførar Bernt Brandal.

Les også: Desse nyskapingprosjekta får støtte

Kommunen trur på arbeidsplassar
I tillegg til Norwegian Centre of Maritime Communication, er Hareid Group, Ulmatec, Dimo, Marin Teknikk og Myklebust verft med i prosjektet. Det er også Sintef Ocean, Runde miljøsenter, Hareid næringsforum og prosjektselskapet Vekst i Hareid.

– Dette kan gi store moglegheiter for Hareid kommune, og bedriftene her. Dette er noko det blir jobba med over heile verda, seier Brandal.

Det vil også bli søkt samarbeid med NMK, Campus Ålesund, GCE Blue Maritime og næringslivet på ytre Søre.

Ordføraren og rådmann Ragnhild Velsvik Berge er overtydde om at prosjektet vil skape nye arbeidsplassar.

– Vi griper ein moglegheit og etablerer noko som ikkje finst elles i Norge. Vi ser også at det blir meir kamp om arbeidsplassane i framtida, legg Berge til.

Testområde for autonome skip
Sentralt i prosjektet, står Storfjorden sin status som eitt av tre testområde her til lands for autonome fartøy.

nettnohalf

– Vi rettar oss i første rekke mot ferjefart, brønnbåtar, servicebåtar og anna nærskipsfart, fortel Idar Flø.

Han fortel at ideen har utvikla seg over lengre tid og han har henta mykje inspirasjon frå seniorforskar Ørnulf Jan Rødseth ved Sintef, som er ein av dei fremste ekspertane på autonom skipsfart. Etter sommaren har det vore hektisk jobbing for å få søknaden klar.

Sjølv om dei i første omgang skal nytte midlane til å jobbe fram ny teknologi – ser Flø på sikt føre seg eit senter med utsikt over fjorden der ein kan utvikle og teste ny teknologi.

– Det er naturleg at det skjer i samband med Raffelneset, meiner Flø.

Les også: Finland først med heil-autonom ferje

Stor marknad for sjølvgåande småferjer

Sintef-forskar: - Det trengst sjøfolk – men mange vert på land

Trur forskingsprosjektet berre er starten
Hareid Group er mellom bedriftene som held til her, og som ivrar for prosjektet. Medeiegar Bjørn Teigene meiner dette berre er ein start.

– Storfjorden blir den einaste fullskala testfjorden og det er veldig naturleg at eit senter ligg her, seier han.

Konsernsjef Karsten Sævik fortel at dei ser føre seg å bidra med instrumentering og overvaking. Per i dag har dei ikkje jobba med autonome fartøy.

– Vi har jobba mykje med instrumentering, men ikkje med autonome skip. Det er ikkje så mange kundar enno, seier Sævik på spøk.

Interesse frå kystreiarlag
Oskar Grimstad er styreleiar i Kystrederiene, og fortel at prosjektet har stor interesse mellom deira medlemar.

– Dette representerer framtidas løysingar for teknologien i nærskipsfarten. Reiarlaga er svært interesserte, seier han.

Han samanliknar det dei ønske å etablere, med eit flygetårn, der ein har tilsvarande overvaking av skipsfarten.

Dei påpeiker at dei ikkje skal vere konkurrentar til Norsk Maritimt Kompetansesenter eller arbeidet NTNU har i regi av Ocean Space Centre.

– Vi ønskjer å samarbeide, men har ikkje rekt å ta telefonen til Ålesund enno, seier Idar Flø.

Les også: Desse nyskapingprosjekta får støtte

– Prosjekt som kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar

Vil ha autonome batteridrene fergebusser i Ålesund

E39: Sintef ser på autonome ferjer


Storfjorden blir den einaste fullskala testfjorden og det er veldig naturleg at eit senter ligg her

Publisert: 16.12.2019 23:38

Sist oppdatert: 15.05.2022 23:55