Hestmakrell og lodde i boks kolmule maa vente
RASK FISK: Norske fartøy kan fiske 42.690 tonn hestmakrell neste år. Her eit eksemplar av arten.
Nytt

Hestmakrell og lodde i boks - kolmule må vente

Norge har ikkje fått i hamn ein kvoteavtale med EU for kolmule. Derimot er kvotene for hestmakrell og lodde klare. 

17.12.2014
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til 71.980 tonn, opplyser .
Når det gjeld hestmakrell, er totalkvoten for norske fartøy sett til 42.690 tonn, der inntil 3550 tonn kan takast i EU-sonen i ICES statistikkområde IV.
Forhandlingene med EU om kolmule vart derimot avslutta utan nokon avtale.
Norges Sildesalslag opplyser at forhandlingane på nytt vil skje parallelt med med forhandlingar om NVG-sild.

Vanskeleg

Til , vil ikkje forhandlingsleiar Sigrun Holst seie kvifor det ikkje lukkast å kome fram til ei forhandlingsløysing om kolmule etter to dagar med forhandlingar.
- Eg kan berre seie at forhandlingane var vanskelege, er alt ho vil seie.
I forrige forhandlingsrunde kravde EU ein høgare andel av kolmulekvoten. EU har til no hatt 30 prosent av totalkvoten mens den norske andelen er på 26,25%, skriv fbfi.no
 Eg kan berre seie at forhandlingane var vanskelege

Publisert: 17.12.2014 15:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39