Håvard haanes jogeir romestrand foto ogne 11
GODT HALVÅR: Entec-sjef Håvard Haanes og Evotec-sjef Jogeir Romestrand kan seie seg godt med første halvår. Evotec-har rekordhøg ordreinngang og konsernet ligg an til vekst og plussresultat. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Historisk høg ordreinngang for Evotec

Sikra arbeid for tresifra millionbeløp før ferien.

Marius Rosbach
11.07.2022

Entec-selskapet Evotec har sikra seg betydeleg meir arbeid den siste tida. Berre i løpet av dei siste vekene har selskapet signert avtalar for 115 millionar kroner.

Det gjer at dei tilsette kunne gå ut i fellesferien med ein ordreinngang på meir enn 400 millionar kroner, opplyser selskapet i ei pressemelding.

– Ei historisk god ordreinngang sikrar arbeid til våre kring 70 tilsette i lang tid, uttalar dagleg leiar Jogeir Romestrand i Entec Evotec i meldinga.

Konsernsjef Håvard Haanes i Entec fortalde nyleg til NETT NO at konsernet rekna med å passere ein halv milliard i inntekter i år.

Då låg konsernet an til pluss-resultat og vekst, etter at dei fekk ein kostnadssmell på 2021-resultatet. Heile konsernet har kring 220 tilsette.

Trønderbas illustrasjon salt ship design 11
VINJSEPAKKE: Evotec skal levere komplett vinsjepakke til ein trålar Trønderbas skal bygge på Westcon-verftet. Illustrasjon: Salt Ship Design

Vinsjepakke til ny trålar

Evotec-sjefen fortel at dei nye ordrane dreiar seg om gode kontraktar innan både seismikk, forskning og fiskeri.

Mellom anna har dei sikra seg levering av komplett vinsjepakke til «Nye Trønderbas», ein 74 meter lang trålar som blir bygd ved Westcon-verftet.

Evotec har også hanka inn arbeid med oppgradering frå hydraulisk til elektrisk trålvinsj på eit eksisterande fartøy som driv med pelagisk fiske.

Tidlegare i år har selskapet meldt om fleire avtalar på fiskefartøy som er under bygging ved Karstensens Skibsværft i Danmark.

Publisert: 11.07.2022 11:43

Sist oppdatert: 11.07.2022 12:09

Mer om