Vekst og betre loennsemd i Entec familien
VEKST: Medeigar og styremedlem Jogeir Romestrand (t.v.) og konsernsjef Håvard Haanes i Entec Group. I år reknar dei med å passer ein halv milliard i driftsinntekter. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Kostnadssmell for Entec

Kraftig vekst - men minus i fjor. Ny vekst - og pluss så langt i år.

29.06.2022

Entec Group auka driftsinntektene med 45 prosent frå 2020 til 2021, til 358 millionar kroner (sjå tabell under).

I år ligg konsernet an til å passere ein halv milliard i driftsinntekter, seier konsernsjef og medeigar Håvard Haanes. (I det anslaget er Norpartners, som Entec Group kjøpte tidlegare i år, ikkje medrekna. Norpartners hadde 64 millionar kroner i driftsinntekter i 2020)

Entec Group har to datterselskap, Brimer Servitec og Evotec. Brimer Servitec lagar mellom anna store kar for oppdrettsnæringa og til vassforsyningsanlegg, Evotec mellom anna vinsjar, opphavleg for seismikk, men no mest for fiskeri- og oppdrett.

Hovudkontoret er i Ulsteinvik, og selskapet har anlegg på Sjøholt, på Kvamsøya og i Ulsteinvik. Konsernet har omlag 220 tilsette.

Veksten kosta
- Spesielt for Evotec har vi investert i å snu oss vekk frå seismikk, olje og gass og inn mot fiskeri og oppdrett, og dette har kosta oss mykje, seier Haanes om 2021-resultatet.

Både for Evotec og det andre datterselskapet, Brimer Servitec, har i tillegg prisane på innsatsfaktorane - varene selskapa treng for å lage sine produkt, skote kraftig i veret.

- Innsatsfaktorane har blitt betydeleg dyrare, og det har vi ikkje greidd å kompensere for, seier Haanes.

I fjor hadde dessutan både Brimer Servitec og Evotec kvart sitt større prosjekt som gjekk med tap.

Pluss i år
Så langt i år har Entec Group både plussresultat og vekst.

- Året har byrja betre enn fjoråret, seier Haanes.

Ordreinngangen held fram med å auke raskare enn driftsinntektene, som betyr at ordreboka blir tjukkare.

I eit intervju med Finansavisen tidlegare i år sa Haanes at selskapet sikta mot å ha nådd ein milliard kroner i årlege inntekter ved utløpet av 2023, og at det då og kunne vere aktuelt med børsnotering eller å bli kjøpt opp.

Entec Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt358,0246,8
Driftsresultat-5,55,9
Resultat før skatt-5,1-2,7

Publisert: 29.06.2022 11:26

Sist oppdatert: 12.06.2023 21:16

Mer om