Hurtigbaaten kan faa halefinne
HONGKONG: To norskutvikla karamaranar med foil-system er framleis i drift ved Hongkong, men der er sjølve framdrifta konvensjonell. Eit nytt system utvikla ved NTNU i Trondheim, tar sikte på å etterlikne måten delfinen skapar både framdrift og oppdrift med halefinnen. 
Nytt

Hurtigbåten kan få halefinne

John Martin Kleven Godø frå Ulsteinvik knekte koden. Lærde av delfinar og kvalar.

30.12.2016
(NPK/NETT NO): Forskarar ved universitetet i Trondheim (NTNU) har funne ut korleis halefinnerørsler kan erstatte propelldrift og gjere hurtigbåtane meir miljøvennlege.
Det er doktorgradsstipendiat John Martin Kleven Godø frå Ulsteinvik som meiner han har knekt koden for korleis halefinnerørslene hos delfinar og kvalar kan utnyttast i hurtiggåande fartøy på sjøen.

Miljøgevinsten av "flapping foil", som han kallar konseptet, kan vere stor. Mens halefinnen til delfinen har ein verkegrad på 90 prosent, gir ein propell berre 50–60 prosent.
– Framdrift ved bruk av "flapping foil" kan redusere energibehovet i hurtigbåttransport med 30–50 prosent, seier Godø til .

Foil og flap

Godø har saman med professor Sverre Steen utvikla ideen basert på hydrofoilbåtar, ettersom miljøgevinstane er størst for denne båttypen. Nøkkelen ligg i kombinasjonen av foil og flap – både løft og framdrift, forklarer Steen.
– Fleire har prøvd å få til ein kombinasjon av foil og flap, men har ikkje lykkast. Eg har trua på at vi skal få det til. Det store spørsmålet er kor effektivt det er, og kva det kostar, seier Steen til bladet.
Godø får no hjelp frå NTNU Technology Transfer (TTO) med å kommersialisere teknologien. Planen er i første omgang å utvikle ein 40 meter lang konseptbåt med plass til 200–300 passasjerar. Båten skal kunne gjere 30–40 knop.
Fjellstrand og Marintek utvikla eit liknande hydrofoilsystem på byrjinga av 1990-talet, men det var utan framdrift, berre løft. To Foilcat-katamaranar av denne typen er stadig i dagleg drift utanfor Hongkong.

Publisert: 30.12.2016 07:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05