Skyssbåtselskapet i Hjørundfjorden auka driftsinntektene med rundt ein million kroner etter at Hurtigruta byrja å legge turen om Hjørundfjorden.
Dagleg leiar Oddvar Olsen har hatt to sesongar med oppdrag for Hurtigruta, og skal ha den tredje sesongen når Hurtigruta seglar inn i Hjørundfjorden i to månader i haust.
Hurtigruta legg til ved Urke i tolvtida, og Olsen fraktar passasjerar fram og tilbake mellom skipet og land dei tre timane hurtigruta ligg der.
Selskapet eig skyssbåten "MS Hjørundfjord" - med eit mannskap på to - og har faste oppdrag for skuleverket, tilbyr fjordcruise og køyrer andre oppdrag.
Oddvar Olsen og ektefellen Marit Riise Olsen eig selskapet, som og omfatter utleige av ferieleilegheiter gjennom datterselskapet Sæbø Brygge.
- I utgangspunkt har vi testa ut Hjørundfjorden, og gjestane er fornøgd, seier kommunikasjonsrådgivar Stein Lillebo i Hurtigruten.
Dagleg leiar Oddvar Olsen har hatt to sesongar med oppdrag for Hurtigruta, og skal ha den tredje sesongen når Hurtigruta seglar inn i Hjørundfjorden i to månader i haust.
Hurtigruta legg til ved Urke i tolvtida, og Olsen fraktar passasjerar fram og tilbake mellom skipet og land dei tre timane hurtigruta ligg der.
Betre lønsemd
Hjørundfjord Fjordservice har greidd å handterer hurtigrute-oppdraget med minimal auke i driftkostnadane, slik at oppdraget gir god effekt i lønsemda. (Sjå tabell).Selskapet eig skyssbåten "MS Hjørundfjord" - med eit mannskap på to - og har faste oppdrag for skuleverket, tilbyr fjordcruise og køyrer andre oppdrag.
Oddvar Olsen og ektefellen Marit Riise Olsen eig selskapet, som og omfatter utleige av ferieleilegheiter gjennom datterselskapet Sæbø Brygge.
Truleg vidare drift
I første omgang har Olsen fått signal om at Hurtigruta testar ut Hjørundfjorden også i år. Men det blir truleg Hurtigruteoppdrag å konkurrere om framover og.- I utgangspunkt har vi testa ut Hjørundfjorden, og gjestane er fornøgd, seier kommunikasjonsrådgivar Stein Lillebo i Hurtigruten.
Publisert: 15.06.2015 11:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44