Hurtigruten meiner signala er overtolka
Reiarlaget seier dei ikkje har opna for lengre liggetid i Herøy, men er positive til å endre kvar dei stoppar.
På spørsmål frå NETT NO om ein kommentar til saka om Hurtigruten-anløp på Mjølstadneset, avviser kystruteansvarleg Stein Lillebo opplysningane at dei skal ha gitt signal om lengre liggetid i Herøy.
Under det opne informasjonsmøte i Fosnavåg tysdag, fortalde Ervik & Sævik-sjef Rita Sævik om planane for møtestaden på Mjølstadneset. Mellom har dei vorte inspirert av Kaviarfabrikken i Lofoten.
Hurtigruten: – Stemmer ikkje
Sævik fortalde også at Hurtigruten skal ha vore opne for å utvide liggetida, om tilbudet dei utviklar på Mjølstadneset blir like bra som Kaviarfabrikken.
– Dette stemmer ikkje. Truleg har Rita Sævik i sin iver etter å realisere dette, i betydeleg grad overtolka innhaldet i møtet. Å utvide liggetida ved eitt anløp inneberer at andre hamner vil miste liggetid, eller at farta må opp og forbruket av drivstoff og utslepp aukar, fortel Lillebo i Hurtigruten til NETT NO.
Rita Sævik stadfestar til NETT NO at det ikkje kom nokon lovnad om utvida liggetid forankra i leiinga, men held på at ho oppfatta møtet med Hurtigruten som svært positivt.
(saka held fram under)
Opne for å anløpe Mjølstadneset
Då NETT NO snakka med Lillebo i juni, omtala han planane på Mjølstadneset som «eit spennande initiativ».
No fortel han at reiarlaget er villige til å endre stad for anløp frå Torvika, der skipa legg til no. Men det er under visse vilkår, påpeiker Lillebo.
– Mellom anna ønsker vi at tiltaket skal ha brei lokal støtte, og at kostnadene blei dei same eller lågare, fortel han.
Lillebo fortel samtidig at dei sette pris på at Herøy-ordføraren sjølv har engasjert seg og teke kontakt med reiarlaget for å diskutere moglegheitene.
Har ikkje endra anløp siste 20 år
Samferdsledepartementet og Stortinget som har mynde til å endre anløpa langs den tradisjonsrike rundreisa mellom Bergen og Kirkenes. Etter det Lillebo kjenner til, har det ikkje skjedd dei siste 20 åra.
Lillebo fortel at departementet kan opne for å endre anløp om Hurtigruten og Havila Kystruten - som skal betene strekninga saman, blir samde seg i mellom.
– I tilfelle vil operatørane føreslå det, også vil departementet behandle ein slik søknad, seier han.
Havila Kystrute-eigar Per Sævik, støttar som kjent planane om hurtigrutenløp på Mjølstadneset. Nyleg fortalde Sævik til NETT NO at han frykta politikarane i Herøy sett heile hurtigruteanløpet i spel, ved å vente med kaiutbygginga på staden.
(saka held fram under)
Blir jobba for indre lei
Endringar i seglingstider og anløp for hurtigruteskipa, skapar ofte sterkt lokalt engasjement, og departementet har fleire omsyn å ta i sine vurderingar.
Når det gjeld å endre anløp vil det vere ei vurdering kring passasjergrunnlag, sikker seglas, utslepp og ei god oppleving for turistane, fortel Lillebo.
NETT NO er kjent med at det frå Ørsta, Ulstein og Hareid si side blir sett på moglegheitene til å legge seglasen til indre lei, via Rjånes, Eiksund og Hjørungnes.
Publisert: 01.09.2021 17:16
Sist oppdatert: 01.09.2021 17:20