Hurtigruten vil bygge skip med nullutslepp
Hurtigruten varslar fleire nybygg før 2030.
Dei neste skipa Hurtigruten ASA skal bygge for å trafikkere Bergen-Kirkenes skal vere null-utsleppsskip lovar selskapet i ei melding torsdag.
Pressemeldinga seier ingenting om når og kvar dei nye skipa skal byggast, ut over at målet er å ha det første klart til bruk innan 2030.
Før det nullutsleppsipet er bygd skal det heller ikkje byggast fleire skip som går på fossilt drivstoff.
- Vi har bygd vårt siste fossile skip på ruta mellom Bergen og Kirkenes, seier administrerande direktør i Hurtigruten Norge Hedda Felin i pressemeldinga.
Hydrogen og ammoniakk
Hurtigruten ASA skal samarbeide med Sintef om å utvikle dei nye skipa.
Kva som skal vere energiberar er ikkje sagt noko om i pressemeldinga, men med dagens teknologi er truleg hydrogen, eller ammoniakk dei mest aktuelle alternativa.
I fiskeflåten er det aktørar som ser både på ammoniakk- og hydrogendrivnefartøy som framtidige alternativ.
Ulstein-samtalar
NETT NO skreiv i november i fjor av Ulstein Verft er eit av verfta som har vist interesse for å byggje nye ekspedisjonscruiseskip for Hurtigruten.
Fleire aktørar opplyste då at Hurtigruten var i marknaden for å sjekke prisar på to nye skip, truleg også med opsjonar på ytterlegare to skip.
Det er fartøy som kan bli større enn ekspedisjonscruiseskipa Fridtjof Nansen og Roald Amundsen som dåverande Kleven Verft bygde for Hurtigruten ASA. Dei to ekspedisjonskipa går ikkje i ruta Bergen-Kirkenes, men i cruisetrafikk.
Publisert: 31.03.2022 10:34
Sist oppdatert: 31.03.2022 23:10